Prosjekt

​Helse Vest IKT driv prosjekt for ca 260 millionar kroner i året, og leier for tida over 25 forskjellige program eller prosjekt.

Vi arbeider tett saman med helseføretaka for å hjelpe dei med å ha dei rette systema og rutinane som hjelp dei med å gjere pasientbehandling på sjukehusa trygg og effektiv.

Dette er nokre av prosjekta Helse Vest IKT er involvert i:

 

Dips Arena

Helse Vest nyttar DIPS som pasientjournalsystem. Det meste av pasientjournalen er i dag ustrukturert eller semi-strukturert, som mellom anna hindrar gjenbruk og uthenting av data. DIPS Arena er neste systemversjon, og er den største endringa i DIPS sidan 2000.

DIPS Arena vil vere eit sentralt element i det nye systemlandskapet kor regionale system og standardiserte arbeidsprosessar skal mogleggjere betre og enklare samhandling innad i helseføretaka, på tvers av desse og med andre sentrale tilbydarar av helsetenester.

Brukarane vil med DIPS Arena få eit moderne og optimalisert verktøy med ein intuitiv, rask og fleksibel løysing for journalføring og pasientadministrasjon. Med DIPS Arena kan Helse Vest innføre strukturert journal med klinisk prosess- og avgjerdsstøtte.

Innføringa av DIPS Arena i Helse Vest vil skje gradvis. Prosjektet vil i løpet av dei neste åra gjennomføre ei rekkje innføringsløp med pilotar i dei enkelte føretaka. Første pilot hadde oppstart november 2016.

Alle møter

Alle møter starta opp som eit program i 2013, og er eit av dei programma i Helse Vest som det vert satsa mest på dei siste åra. Målet er at ventetida skal verte kortare, planlegginga betre og at fleire møter til timane sine.

​I 2012 var det 82.000 konsultasjonar i Helse Vest kor pasienten ikkje møtte til timen sin, og 127.000 pasientar tok kontakt for å endre på timeavtalane sine. Med dei nye løysingane som kjem gjennom Alle møter vil vi gjere det enklare å halde ein god dialog mellom sjukehus og pasient. Du vil få oversikt over timar, og få endra avtalen om den ikkje skulle passe.

Vestlandspasienten er ein del av Alle Møter. Dette er eit tilbod til deg som er pasient i Helse Vest. Her får du oversikt over timeavtalane dine på sjukehuset, og det vert enklare for deg å få kontakt med sjukehuset.

Alle som er pasient ved eitt av sjukehusa i Helse Vest kan no logge inn og sjå oversikt over timane sine og andre nyttige funksjonar. Dette gjeld òg pasientar ved dei private ideelle sjukehusa.

Digitalt mediearkiv

Bilete og video vert brukt i behandlinga mange stader i sjukehusa. Røntgen eller radiologi er kanskje det fagområdet ein tenkjer på først, men det vert og brukt i mange andre samanhengar som til dømes endoskopi, ultralyd og digitale kamera.

Helse Vest IKT har saman med helseføretaka og fagmiljøa gjennomgått ei prosjektperiode for val av leverandør for eit Digitalt mediearkiv (DMA) som kjem til å samle desse mediene tilgjengeleg frå pasientjournalen.

Systemet skal sikre bruk og lagring av bilete og video i samband med diagnostikk og pasientbehandling i tråd med gjeldande lovar og reglar.

Leverandør er vald, og​ det vidare arbeidet med å etablere eit digitalt mediearkiv er allereie i gang. Dei første avdelingane starta opp allereie hausten 2014.

Libra

LIBRA står for lager, innkjøp, budsjett, rekneskap og anskaffing. LIBRA er Helse Vest sitt program for å optimalisere støttetenesta innanfor fagområda budsjett, anskaffingar og kontrakt, innkjøp og logistikk, rekneskap og styringsinformasjon/felles registre.

Programdirektivet for LIBRA blei godkjent i Programstyret i april 2014 med visjon å fremme helse og livskvalitet gjennom effektive støtteprosessar. LIBRA har fokus på at gode tenester gjer stor verdi for brukarane, samtidig som effektive prosessar hindrar sløsing. Ressursar skal frigjerast til pasientbehandling.

Programmets målsetjingar er å:

  • Hente nytte og fjerne risiko.
  • Utforme og innføre felles arbeidsprosessar basert på beste praksis. 
  • Innføre felles systemstøtte.
  • Foreslå optimal organisering.
  • Betre, effektivisere og auke kvaliteten i ikkje-medisinske tenester.
  • Frigjere tid til nytte for pasient, behandlings- og pleiepersonell og leiar.

IHR Innføring

Interaktiv Henvisning og Rekvirering frå primærhelsetenesten

Prosjektet har deltakarar frå alle helseføretaka, i tillegg til fastleger og folk frå praksiskonsulentordninga (PKO). Prosjektet har høg fokus på brukarane av løysinga, nemleg fastlegane. Brukarvenlegheita er viktig ettersom ein er i ein marknad med konkurranse frå private aktørar med tilsvarande løysingar.

Første fase av prosjektet har fokus på laboratorierekvirering. Alle helseføretak er oppe med løysing. Legekontora rekvirerer elektronisk laboratoriefagsystema i sine helseføretak, i tillegg til å sende prøver til Helse Bergen.

Kliniske tilvisingsråd for elektronisk pasientjournal (EPJ) Plenario blir i 2015 spreidd til legekontor sin har IHR-løysinga i Helse Bergen og Haraldsplass sitt område først.  

Bildediagnostiske tilvisingar med regionale sjekklister og etter kvart regionale bildediagnostiske tilvisingsråd hadde pilot og vart vidare spreidd i 2016.

Nytteeffektar:

  • Gje legar i primærhelsetenesta eit betre verktøy ved rekvirering og tilvising til Helse Vest.
  • Raskare og sikrare informasjonsflyt mellom primærhelstenesta og helseføretaka.
  • Færre unødvendige undersøkingar.
  • Betre kvalitet i behandlingsgangen.
  • Auka kvalitet på forenkling av arbeidsprosessar i laboratoriet ved mottak av prøver.
  • Sikre effektiv bruk av Helse Vest sine ressursar innan ulike fagområde (for eksempel laboratorie- og bildediagnostikk).

 

Fann du det du leita etter?