Infonia-demo imponerte

Infonia sin prototype fekk ei god mottaking då den blei presentert førre vekke. – Veldig lovande, seier Johannes Kolnes frå seksjon for Helsetenesteutvikling i Helse Bergen.

Johannes Kolnes var imponert over det han fekk sjå av den førebelse prototypen av Infonia.
 

Helse Bergen sitt fyrtårn-prosjekt, Intromat fekk i 2016 ei tildeling på 48 millionar kronar frå Norges Forskingsråd. Gjennom prosjektet skal prosjektet kople leiande IKT-forskingsmiljø i Bergen og Oslo med eit sterkt fagmiljø innan psykiatri og mental helse ved Haukeland Universitetssjukehus.

I underprosjektet, «Infonia» ser ein på korleis ny teknologi kan brukast i behandlinga av pasientar med ein form for mental liding. Prosjektet skal utvikle ein ny forskningsplattform som gjer det mogleg å hauste og fortløpande analysere og visualisere helsedata. Data som i stor grad kan hentast direkte frå pasienten gjennom sensorar og mobilteknologi. Førre veke var samarbeidspartnar og ymse leiarar i Helse Vest IKT invitert til ein liten premiere, med demonstrasjon av prototypen av løysinga.

- Vi må tenkje nytt og derfor er det veldig bra at vi har ein slik satsing på Infonia og Intromat, som driv oss framover. Vi treng å engasjere pasientane, involvere dei og gjere dei til ein aktør. Slik at vi kan samhandle betre med pasientane og auke effektiviteten, innleia avdelingsleiar for Arkitektur, portefølje og innovasjon, Geir Granerud.

Saka held fram under biletet.

Geir Granerud har klokketru på tilnærminga i Infonia-prosjektet.

Han trur at pasientane i åra framover vil i mykje større grad bidra med data om sin eigen helsetilstand. 

- Etter kvart vil pasientane samle eigne data, som vi kan få tilgang til. Dei kan vere med å gje beslutningsstøtte, slik at klinikarane kan gjere endå betre beslutningar. Eg er veldig fan av slik prosjekt som jobbar framover og tenkjer nytt. Det vi ser på som nytt i dag, er det vi har om nokre år, sa Geir.

Innovatør og prosjektleiar for Infonia-prosjektet, Yngvar Skar hadde med seg sitt kompetente team til å presentere løysinga. Han nytta høvet til å understreke at sjølv om løysinga ser lovande ut, er det framleis mykje jobb igjen å gjere.

- Dette er ein forskningsinfrastruktur, og vil ikkje vere i produksjon i morgon. Men det dykk ser i dag, er likevel noko som verkar i dag. Det er ikkje noko vi har forfalska, sa Yngvar.

Saka held fram under biletet.

Yngvar skar leiar teamet som har utvikla prototypen til den nye forskingsplattforma.

Vil skreddarsy behandlingsplanar

Blant dei som presenterte arbeidet var Fazle Rabbi frå Høgskulen på Vestlandet. Han understreka kvifor bruk av digitale hjelpemidlar kan vere nyttig i behandlinga av pasientar med ein mentale lidingar.

- Ein psykisk liding er ikkje noko som er kjapt å behandle. Ein er avhengig av at pasienten drar heim til seg sjølv og leve sitt liv. Då er vi nøydd til å støtte pasienten, slik at han/ho kan leve livet sitt samstundes som vi kan overvake pasientens mentale tilstand.

- Vi vil gje pasienten den beste behandlinga, og det kan vi få til ved å få pasienten til å bidra med eigne data. Då kan vi til dømes få eksisterande system med helseopplysingar til å snakke med intromatplattforma og hente ut informasjon derfrå.

På lag med pasienten

Forskar, Enrique Garcia-Ceje viste korleis ein kunne bruke vanlege mobile einingar med sensorar til å få gode data som ein kunne bruke til å vurdere pasientens helsetilstand.

- I dag er det veldig vanleg at ulike mobile einingar har diverse sensorar. Dei har alle moglege sensorar som til dømes bevegelsessensorar, kompass og måling av hjarterytme. I vår studie har vi brukt eit armband med sensorar for å sjå nærmare på bevegelse. Det seier noko om energinivået til pasienten og vi veit at det er ein samanheng mellom energinivået og til dømes depresjon.

- Utfordringa vår er å gå frå data til kontekst.  Då må vi bruke maskinlæringsalgoritmar til sette data inn i ein kontekst for pasienten. På denne måten vil ein kunne skreddarsy behandlingsmetodar til pasienten, for å få eit betre resultat, forklarte Enrique.

- Utruleg lovande

Blant ivrige tilskodarar i salen var Johannes Kolnes frå seksjon for Helsetjenesteutvikling i Helse Bergen. Etter å ha høyrt og sett presentasjonen til arbeidsgruppa i Infonia-prosjektet var han veldig imponert.

- Dette var utrolig lovande. Viss vi kan få inn denne typen data frå pasienten kan vi bruke det som beslutningsstøtte til gje pasientane endå meir raffinert behandling. Å samle opp denne mengda data i dag tek veldig lang tid. No får vi inn mykje data, der maskinen handterer maskinoverfloden. Det eg såg i dag var veldig imponerande. Når dette grensesnittet er ferdig utvikla vil vi få ei heilt anna beslutningsgrunnlag, uttalte Kolnes etter presentasjonen.  

Johannes Kolnes blei imponert over det han fekk sjå under presentasjonen.