Beredskap koronavirus

Helse Vest IKT er i grøn beredskap grunna koronaviruset (Covid-19)

På denne sida finn du informasjon for medarbeidarar, media og andre interessenter. Sida vert oppdatert fortløpande.

Som leverandør av IT-tenester til helseføretaka i Helse Vest har Helse Vest IKT ei sentral rolle med å halde systema på nett i denne vanskelege tida. 

Vi gjer derfor grep for å avgrense smitte blant dei som jobbar i Helse Vest IKT, og overfor tilsette og pasientar på sjukehusa. 

Tiltak i Helse Vest IKT

Helse Vest IKT har satt i gang følgjande tiltak per fredag 13. mars. Tiltaka gjeld på alle våre fem lokasjonar på Vestlandet, fram til ny beskjed har blitt gitt.

  • Satt i gang grøn beredskap og satt ned eit løysningsteam.
  • Innført endringsfrys for alle endringar som ikkje er kritiske for å oppretthalde stabil drift.
  • Kritisk driftspersonell som til dømes kundesenteret har blitt delt i ulike grupperingar med større fysisk avstand for å redusere smittefaren.
  • Dei tilsette som har moglegheita til det vert oppfordra til å ta heimekontor. Dette vil redusere smittefaren på arbeidsplassen og ved bruk av kollektivtransport.
  • Tilsette får låne med seg utstyr frå jobben, slik at dei er best mogleg rusta for å ha heimekontor.
  • Vi utvider parkeringsmoglegheitene så langt det lar seg gjere, slik at folk som ikkje kan ta heimekontor kan ta bil i staden for kollketivtransport.
  • Tilsette som har vore i nærkontakt med ein som har blitt smitta, som bur saman med ein som er smitta eller som har vore i eit område med vedvarande spreiing av viruset setjast i karantene.
  • Vi oppfordrar til auka bruk av elektroniske møter via til dømes Skype.
  • Vi har laga ei oversikt over tilsette med helsefagleg bakgrunn som kan hjelpe sjukehusa i ein krisesituasjon.
  • Vi tilbyr sjukehusa ny teknologi som kan vere til hjelp i ein slik unntakstilstand som vi no er midt oppi. 

Offentlege vedtak og råd om smittespreiing

I Helse Vest IKT gjer ein no det som trengst for å unngå smitte og å smitte andre. Samstundes blir det jobba offensivt for å hjelpe sjukehusa. 

God hoste- og handhygiene reduserer risikoen for å få luftveisinfeksjonar, inkludert infeksjonar med koronaviruset. Fleire råd og vedtak for å hindre smittespredning finn du her:

Folkehelseinstituttet (FHI) si faktaside om Covid-19

FHI - Dagsrapporter, råd og informasjon til befolkningen og helsepersonell

helsenorge.no - Spørsmål og svar om koronaviruset

Helse Vest sin beredskapsside - Info til innbyggarar, media og helsepersonell

Dersom du ikke finn svar på det du lurer på, ring helsemyndigheitene sin publikumstelefon: 815 55 015. Telefonen er åpen hverdager kl. 08.00–15.30 og helger kl. 10.00–16.00. Nokre kommunar har òg etablert eigne publikumstelefonar.

Viktig informasjon!

Du skal ikkje ringe legevakt eller Akuttmottaket med generelle spørsmål om koronasmitte. Mistenker du at du er smitta med covid-19, skal du ta kontakt med din fastlege eller legevakt (på telefon), og ikkje møte opp på sykehuset.

Informasjon til media

Mediekontakt for Helse Vest IKT:
Kommunikasjonsansvarleg Maria Gabriela Fehr Johansen Mobil 92 44 45 02


Fann du det du leita etter?