– Lønna er dårleg, arbeidsforholda er så som så, og du må betale for kaffien sjølv

Då Oliver fekk jobbtilbod frå Helse Vest IKT, prøvde gamle kollegaer å skremme han frå det med skrekkelege vandrehistorier om offentleg sektor.  Lite visste dei at jobben som programtestleiar hjå oss skulle bli det beste som har skjedd i hans karriere.

Oliver Bernauer er programtestleiar i Helse Vest IKT
 Eg meiner at vi har eit av dei beste miljøa for testleiing på Vestlandet, kanskje til og med Noreg, seier Oliver Bernauer.  

47-åringen, som kom til Helse Vest IKT i 2015, fortel entusiastisk om miljøet han er ein del av. Han har lang og brei erfaring frå fleire bransjar, og har vore innom forsikring, IT og telekommunikasjon tidlegare.  I alt har han jobba med testing i meir enn ti år. Han veit med andre ord kva han snakkar om – og han kallar jobbskiftet han gjorde for sju år sidan for eit lykketreff. ​

Testing, testing…

Testsenteret, seksjonen Oliver er ein del av, leverer testleiing, testmiljøforvaltning, teknisk test og rådgjeving innan test. Seksjonen består av over 25 tilsette med høg kompetanse innan sitt fagområde. Dei fleste har fleire års erfaring og ein tyngre akademisk bakgrunn. Dei er eit ledande miljø i regionen, og bidreg i nasjonale satsingar på området​​.  ​

 Testsenteret har i tillegg ei rådgjevande og koordinerande rolle i innføring av nye system i selskapet, forklarer Oliver.  

Seksjonen hjelper prosjekta og linjeorganisasjonen med å oppnå ei betre ressursutnytting på endringsområdet. Målet er å gjere Helse Vest IKT til ein enda betre partnar for IKT-relatert endringsarbeid i Helse Vest. 

 I tillegg er det ein privat komponent som er viktig for meg, fortel programtestleiaren.  ​

Det viktige samfunnsoppdraget 

For Oliver er jobben som testleiar spesielt meiningsfull fordi arbeidet han gjer, betyr at dei som jobbar med pasientar får betre IT-system. Då kan dei bruke mindre tid framfor skjermen, og meir tid på pasienten. Det betyr mykje for han å kunne bidra til at pasientar – spesielt kreftpasientar – får så god behandling som mog​leg. 

 Eg hadde sjølv kreft for snart seks år sidan, og fekk veldig god hjelp av helsevesenet. Eg ønskjer å bidra til at dei fine folka som behandla meg, har så gode IT-verktøy som dei kan.  

Å klokke inn kvar dag, i ei bedrift som har som hovudmål å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar, gir meining.  

 Det er dette samfunnsoppdraget som skil jobben i Helse Vest IKT frå andre jobbar. Vi gjer ein forskjell i folks liv.  

Arbeidsmiljø som prikken over i’en 

Den grå og tunge kvardagen i offentleg sektor, som Oliver blei åtvara mot, har ennå ikkje komen. Slitne og sure medarbeidarar har han lite av. Gode kollegaer derimot, som bryr seg om kvarandre, hjelper kvarandre og stillar opp for kvarandre, har han flust av.  

 Mine kollegaer er snille, fine folk som bryr seg om kvarandre. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og vi vil kvarandre vel.  

 Men må du betale for kaffien?  

 Nei, smilar Oliver. ​


Les kva dei tilsette meiner om å jobbe på Testsenteret her.​