Alle Møter-skryt i Sjukehustalen 2020

Helseminister, Bent Høye la vekt på raskare endring og sendte skryt til gode døme på digitalisering i Alle Møter-programmet i sin årlege sjukehustale.

 

Høie sa i sin tale at innføringa av pasienten si helseteneste må gå raskare og at implementering av ny kunnskap må skje fortare enn i dag. Helseministeren viste til forsking som seier at det tek om lag 17 år å omsetje forsking til praksis.  

Han informerte om at han har sendt ei ny lov om e-helse på høring, der han stiller tydelegare krav til både sjukehus og kommunar for å sikre at dei gode løysingane blir tatt i bruk raskare i heile sektoren.

- Vi må gjere oss erfaringar frå det vi prøver ut i helsetenesta, og lære av kvarandre. Det finst mange gode døme frå tenesta der dykk har identifisert flaskehalsar, og brukt teknologi for å opne dei, sa Høie.

Han nytta høvet til å skryte av gode tiltak som Helse Vest har innført gjennom Alle Møter-programmet.

- I Helse Vest såg dei at det kvart år var over 80.000 legetimar som ikkje blei brukt fordi pasienten ikkje dukka opp. Helse Vest innførte derfor fleire digitale løysingar som gjer det enklare for pasienten å følgje opp eigen helse på HelseNorge.no, i tillegg til SMS-påminningar. Frå 2013 til 2018 er talet på timar der pasientane ikkje møter redusert frå 4,2 % til 2,2 % innan somatikk, sa Høie.

Helseministeren trakk også fram Haraldsplass, som har vore offensive i samband med bygginga av det nye sjukehuset, der dei har tatt i bruk fleire leveransar frå Alle Møter-programmet sine prosjekt.

- Haraldsplass sjukehus har innført eit system der touch-skjermar og appar på mobile einingar sikrar at viktig informasjon frå mellom anna lab, røntgen og journal automatisk kjem til ansvarleg behandlar.

- Informasjon frå pasientalarmar og meldingar om unormale prøvesvar kan også bli teke imot på denne måten. Alle tilsette på sjukehuset er med, frå legar og sjukepleiarar til reinhaldarar, portører, bio-ingeniørar og kjøkkenpersonale. Informasjon frå ulike system og tilsette samlast i ein arbeidsflate. Dette gjev betre arbeidsflyt, auka pasientsikkerhet og frigjer tid til pasientoppfølging, skrytte helseministeren.

Alle Møter-prosjektet, Pasientflyt og ressursar har levert  touchskjermane og mobil app (Imatis og Imatis Mobilix) som blir brukt på Haraldsplass. Helse Vest IKT har også levert klientoppsett, skjermar og Klinisk Mobil Plattform. Legar og sjukepleiarar på Haraldsplass er no utrusta med ein upersonleg mobil som har Imatis Mobilix. Totalt er det no 450 slike mobiltelefonar på Haraldsplass.