Ansvarleg forsking og innovasjon i fokus i ny Tekprat

Tekprat 15. september | Sted: Online | klokka 1400-1530. Se opptak under.

Lenke til opptak på Youtube.

Forsking og innovasjon er viktig for å utvikle gode bærekraftige helsetenester. Ny teknologi skaper uendeleg mange moglegheiter men kan også skape nye problemer om det ikke gjøres på riktig måte. Tekprat handlar ofte om ny teknologi, men på dette webinaret vil vi sjå nærmare på dei nye rollane som utspeler seg i lys av digitalisering og korleis det påverkar samspel mellom pasientar og helsearbeidarar i helsevesenet. Vi har invitert Tatiana Ilkova, professor i innovasjon og entreprenørskap og Thomas Laudal, førsteamanuenser ved Universitetet i Stavanger, til å snakke om ansvarleg innovasjon og digitalisering i helsesektoren. Med oss har vi også Gunn-Berit Nergaard, sjukepleiar med master i entreprenørskap og stipendiat ved NTNU kor ho forskar på entreprenørutdanning for sjukepleiarar. 

Starten på et paradigmeskifte?

Ansvarleg innovasjon og digitalisering er relativt nytt for mange. På dette online webinaret skal vi belyse kva det betyr å drive ansvarleg innovasjon. Eit sentralt spørsmål er korleis dei nye rollane og endringar i dynamikken mellom pasient og helsearbeider, påverkar økosystem for innovasjon og digitalisering i helsesektoren. Vi vil også diskutere i kva grad ansvarleg innovasjon kan bidra til å motivere tilsette i helsesektoren men også pasientar og pårørande til å bli meir entreprenørielle, - ikkje berre dei som kjenner problema, men òg finn motivasjon til å drive fram innovative helsetenester.  Kan ein meir ansvarleg tilnærming til innovasjon vere starten på eit nytt paradigmeskifte?

Ekspertpanel

  • Tatiana A. Ikovleva, professor i innovasjon og entreprenørskap ved Universitetet i Stavanger.
  • Thomas Laudal, førsteamanuensi ved Universitetet i Stavanger
  • Gunn-Berit Sæter er utdanna sjukepleiar og har ein mastergrad i entreprenørskap frå NTNUs Entreprenørskole. Ho forskar på entreprenørskapsutdanning for sjukepleiarar.
Programvert

Synnøve Olset, innovatør og Tekprat-ansvarleg ved Helse Vest IKT  

Samarbeidspartnarar og sponsorar