Prosjektet var møte-fjernkommunikasjon, den gang Lync, noko som var sporadisk brukt på den tida. Bjarte var relativt ferskt utdanna dataingeniør, og tilsett i Server og lagring.
På kontoret i Førde, bak ei nesten usynleg inngangsdør, treff vi ein humørfull - om enn noko trøtt – serveringeniør.
- Vi bygde opp Lync frå scratch, med integrasjonar og alt. Før dette hadde eg drive med mykje forskjellig innan IT, men dei siste åra har eg blitt veldig spissa mot Skype. Frykteleg spissa, faktisk, fortel Bjarte tankefullt.
I dag driftar Bjarte kommunikasjonssystema saman med ein nøkkelperson til, og sikrar 27 000 tilsette i Helse Vest sin krins tilgang til kvarandre.
- Vi overvakar systema heile vegen, men det er eigentleg ikkje naudsynt. Eg kan berre sjå ut vindauga; så fort det er ein feil i systemet byrjar folket å flokke seg utanfor kontordøra mi, ler Bjarte.
Ringrev
Skype-generalen har òg hatt ei lang fartstid i Helse Vest IKT før han fann stolen sin i Førdegården. Lærling, sommarjobbar, utplassert, og til slutt fast tilsett er portefølja så langt, i tillegg til engasjement i ulike prosjektarbeid inni mellom.
- Eg var service og elektronikk-lærling i 2002-2004 på IT-avdelinga til Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Og hadde eg sommarjobb med utrullinga av Windows XP. Eg har eigentleg alltid likt meg i skjæringspunktet mellom hardware og software, så eg tek meg framleis turar opp til sjukehuset og tuklar litt med utstyret vårt der oppe.
Etter lærlingtida flytta Bjarte til Bergen for ingeniørstudiet. Siste året fekk han ha utplasseringa si i Helse Vest IKT, Server og lagring, før han gjekk over i vikariat, og så fast stilling.
- Stillinga mi vart flytta til Bergen, slik at eg fekk bu der. Fleksibiliteten i Helse Vest IKT er ein av grunnane til at eg trivast så godt, utan tvil.
Vaktordninga, som han òg har meldt seg frivillig til å vere med på, saman med guru-rolla på Skype, sikrar han ein viss grad av kundekontakt.
- Det er eigentleg litt uvanleg at ein på Server og lagring har så mykje direkte brukarkontakt. Det er jo drifting, oppgradering og utvikling av serverar som er feltet vårt.
Utanfor Skype-sfæra ligg det tilgrensande fagfelt, som fell under Bjarte sine venger; eksterne gatewayar til e-post, arkiveringssystem, og andre kommunikasjonsrelaterte løysingar vert oppgrader, oppdatert og drifta frå pultane i Førde.
- Miljøet er det vi som set opp, og det er vi som definerar alle reglar og innstillingar, som utgjer skjermbiletet og funksjonane som brukarane våre ser. Og noko leiting etter feil vert det òg...
Kvar lokasjon i Helse Vest har ein operasjonell IT-vakt, om det skulle skje noko Kundesenteret ikkje kan handsame over linjene, og i Førde er altså Bjarte ein av desse.
- Vi skal vere i kort avstand frå lokasjon for eventuell utrykking, men det er ikkje alltid at vi treng å forlate soverommet heller. I dag starta eg dagen klokka 02:30, men vi fann ut av det gjennom «heimekontoret». Heldigvis var det fleire kollegaer tilgjengelig - eg får ikkje alltid den beste hjelpa frå bikkja heime.
Med kunnskapsdatabasen, og litt kjennskap til kven som er best på akkurat dette problemet, kan som oftast krisane løysast kjapt og smertefritt, men det er ikkje tvil om at ein treng å halde hovudet kaldt, og fokusere.
- Det står jo trass alt om liv og død, i ytterste fall. Det kjenner ein på pulsen, når det står på.
Den store litle verda
Som småbarnspappa er det få plassar Bjarte heller kunne tenkt seg å jobbe enn i Helse Vest IKT. Fleksibiliteten rundt busetting, arbeidsoppgåver og ikkje minst miljø har vore nøkkelen for han, i kvar livsfase.
- I Bergen sit folk naturleg nok konsentrert i sine avdelingar og seksjonar, men her i Førde har vi eit tversnitt, med eit knippe folk frå alle avdelingar på same kontor.
Det gjer vegen kort, enda kortare enn gjennom Skype, ironisk nok.
- Samlinga av dei ulike IT-avdelingane frå føretaka, til Helse Vest IKT, har gjort bukt med mykje «tyggis-løysingar» som gjerne fungerte lokalt, men som ikkje snakka med andre lokasjonar og føretak. No vert alt meir og meir samla og integrert. Det legg jo òg press på serverane - altså vi i min seksjon.
Innsparinga i reisetid, reisekostnad og ikkje minst miljøkostnad som Bjarte representerer er mest ikkje råd å få oversikt over. Berre Helse Vest IKT sine kontor i Førde, Haugesund, Stavanger og fem ulike hus i Bergen sender reisetimane flygande. Oppå der får du alle dei 26 500 andre i Helse Vest.
- Vi tenkte jo mest på vår eigen kommunikasjon i første omgang, men det vart jo med ein gang heilt logisk at alle i Helse Vest skulle vere på same systemet.

Bjarte Vollstad – gjer verda litt mindre, møte for møte.