Bli med på spennande webinar

Den 11. juni arrangerer seksjon for Innovasjon eit spennande webinar der ein pratar om korleis koronaviruset har  opna opp for bruk av ny teknologi.

 

Webinaret har fått tittelen «Covid19 – Ein kraftig oppvekkar for helsevesenet» og er ope for alle. Webinaret skjer den 11. juni mellom klokka 09.30 og 11.00. Lenkje får ein tilsett når ein har meldt seg på.

På dette webinaret vil ein prate om kva som er behova og kva må på plass for at vi best mogleg skal kunne handtere ein ny smittetopp. Helsepersonell og andre som har bidradd i beredskapsarbeid vil dele kunnskap om nye behov og moglegheiter som har dukka opp i tida etter korona trefte Noreg. 

Formålet med webinaret er å dele innsikt med samarbeidspartnarar, internt mellom føretak i Helse Vest men også akademia, næringsliv, og på den måten stimulere til relevant forsking og innovasjon. Vi håpar webinaret også kan ha ein positiv effekt på samhandling mellom helseføretaka, men også mot kommunar, næringsliv og akademia.

Tid: 11. juni – 09.30 – 11.00

Stad: Webinar – Lenkje kjem på e-post

Ope for alle

Arrangør: Helse Vest IKT Innovasjon

Meld deg på her