Eva vil redde liv med mobilspel

Innovatør Eva Cathrine Backer frå avdeling for innovasjon og arkitektur, har det siste året jobba med å utvikle eit spel som skal redde liv. No er spelet om blodforgiftning snart klart til lansering.

Sjukepleiar, Camilla tester ut den siste versjonen av spelet til Eva. No er det ikkje lenge til spelet kan lanserast.
E-læring har etter kvart blitt mykje brukt i helsevesenet, men spel for helsepersonell er det førebels få som har forsøkt å bruke. Då innovatør, Eva Cathrine Backer fekk spørsmål om korfor Helse Vest var så dårleg på gameification, fekk ho ein idé.

- Eg fann ut at gjerne ville lage eit læringsspel, og då skulle eg gjere noko på blodforgiftning, også kjent som sepsis. Eg ville lage eit annleis spel, eit morosamt spel som var kort og gøy, med gjenkjenbare situasjonar og eit tiltrekkjande design. Eit spel som var så gøy og rart at sjukepleiarane ville spele de på bussen på vei til jobb og dele på Facebook, fortel Eva.  

At det blei akkurat sepsis var ikkje tilfeldig. Etter å ha jobba fleire år som sjukepleiar ved infeksjonsavdelinga i Stavanger og på Haukeland hadde ho sett korleis manglande fokus på dette kunne få alvorlege konsekvensar.

- Blodforgifting er ein alvorleg tilstand der bakteriar kjem inn i blodet, og der infeksjonen spreier seg til kroppens organ. Endringane skjer veldig raskt og derfor er det viktig at all helsepersonell rundt pasienten er observant på dei symptoma som sepsis viser, fortel Eva.  

Sepsis har høg dødelegheit og rammar om lag ein av tusen kvart einaste år i Noreg. Eva håper spelet kan vere med å setje sepsis på agendaen blant sjukepleiarane og anna helsepersonell.

- Målet med læringa er ikkje at ein skal bli ekspert på Sepsis. Det er meir meint at ein skal verte meir oppmerkasame på Sepsis og få folk til å bli nysgjerrig, som ein begynning på ein diskusjon på avdelingane.

På lag med Tegnehanne

Spelet har to nivå, med to ulike læringsmål.

- Det første nivået handlar om å vurdere om pasienten kan ha sepsis og varsle. Der er det forskjellige metodikkar som brukaren blir introdusert for. Nivå to handlar om setje opp behandlingsplanen med dei viktigaste tiltaka, som er gyldige for alle som har sepsis.

Før dei gjekk i gang med å utvikle spelet hadde Eva eit brennande ønske. Ho ville ha med tegneserieskaparen, «Tegnehanne» på laget.

- Det var avgjerande for at vi sat i gang, og når ho sa ja til å bli med var det gjort. Ho er kjent innanfor pleiemiljøet, så eg visste at det ville fungere i den målgruppa som dette skal ut til.

Sjukepleiarane med i utviklinga

For å utvikle spelet vidare frå idéstadiet har Eva hatt kontakt med ei referansegruppe med sjukepleiarar og infeksjonsoverlegar. Ei av desse er  avdelingssjukepleiar ved infeksjonsavdelinga 5 vest på Haukeland, Hege Cecilie Sørby.

- Eg tykkjer det har vore veldig gøy og spennande å få vere med i denne prosessen. Det er viktig å halde fokus på sepsis, frå oppdaging til behandling. Sepsis er eit av satsingsområda her på sjukehuset. Alle kan i realitieten utvikle ei form for sepsis. Spesielt når det er infeksjonspasientar, fortel Hege Cecilie.

Sepsis er noko det er fokus på i heile sjukehuset. Ho er fornøgd med korleis spelet har blitt og trur det vil bli godt motteke.

- Spelet har blitt veldig bra. Det har kome med ein del nye og artige ting sidan eg såg det sist. Eg trur absolutt det vil vere noko interesse for spelet hjå oss. Det å gjere kunnskap gøy er alltid positivt, smiler Hege Cecilie.

Snart klar for lansering

I 2016 la Eva inn ein søknad om støtte frå dei regionale innovasjonsmidlane som tildelast årleg frå administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen. Der fekk ho tilslag på 235 000 kronar i støtte. Det har gjort det mogleg å ferdigstille spelet.

- I starten fekk eg hjelp av nokre bachelorstudentar på Høgskulen i Bergen, samt  Stig H. Våge frå seksjon for utvikling til å lage ein prototype. Siden då har spelet blitt utvikla på nytt i ein ny spelmotor av Stig og Finn Michael Halvorsen. Sjølv har eg stått for manus, konsept- og prosjektleiing, som eg har gjort ved sidan av mine andre oppgåver. Vi har heile tida hatt full støtte frå våre leiarar, noko som har vore godt å kjenne på, fortel Eva.

- Vi har presentert spelet for Helsedirektoratet, via Pasientsikkerheitsprogrammet. Dei ønskjer å ta det inn i sin tiltakspakke for sepsis med nasjonal lansering i 2018, strålar Eva og avslørar samstundes at spelet vil bli gratis og fungerar på mobil, PC, nettbrett og i alle dei vanlege nettleserane.

Open for fleire spel

Skulle «Stopp sepsis» bli ein suksess har Eva allereie fleire idear til andre spel.

- Vi har teikna opp to andre minispel som òg handlar om kunnskap som alle i pleiegruppa skal ha. Det eine spelet går rett på ein metodikk for tidlig oppdaging av forverring av somatisk sjukdom. Vi har òg ein idé om eit spel om dei farlige multiresistente stafylokokkane, MRSA.

- Vi er klar til å lage fleire minispel om viktige tema dersom Helse Vest eller Helsedirektoratet skulle ønskje det, smiler ho.

Eva (t.v.) har fått mykje hjelp fra Hege Cecilie Sørby og dei andre sjukepleiarane på medisin post fem på Haukeland Universitetsjukehus.