Fekk innovasjonspris for betre og raskare analysesvar

Spesialingeniør ved Haukeland universitetssjukehus, Ralf Kellmann, får innovasjonsprisen i Helse Vest for ei løysing som held orden på enorme mengder analysedata.

Hormonlaboratoriet ved Haukeland får kvar veke inn omlag 2000 prøvar som skal analyserast. Prøvar av blod, spytt og urin blir analyserte med instrumentet massespektrometer, og for kvar prøve blir det mange datapunkt. Då Ralf Kellmann starta ved Hormonlaboratoriet for ti år sidan, blei Excel-ark brukt for å halde oversikt over alt.

– Tenk deg ein tabell med 40 linjer og over 100 kolonnar med data per prøve. Det seier seg sjølv at ein lab-teknikar må konsentrere seg om dei mest sentrale, seier Kellmann, som ville undersøkje om det var ein enklare og betre måte å handtere dataa på enn i eit rekneark.

Meir effektiv analyseprosess

Han lærde seg eit programmeringsspråk i sommarferien og sette i gang med å lage det som blei programvara «SpecBase». Ei løysing som har blitt brukt på laboratoriet kvar dag sidan.

Kort forklart held SpecBase orden på alle dataa frå analysemaskinane. Datasett blir lasta opp til SpecBase, som gjer komplekse analysar. I andre enden kjem analysesvara. Ein teknikar treng ikkje gå gjennom 40 gonger 100 datapunkt for å ta ei avgjerd, men kvalitetssikrar dataa frå SpecBase før prøvesvara blir sende ut.

Det betyr ein meir effektiv analyseprosess, og det har rekna ut at SpecBase sparar inntil to årsverk ved laboratoriet. Ein automatisert arbeidsprosess kortar også ned opplæringstida av nye tilsette.



Baard-Christian Schem (fagdirektør), Pål Rasmus Njølstad (vinnar forskingspris) og Ralf Kellmann (vinnar innovasjonspris). Foto: Silje Katrine Robinson

Betre svar betyr betre behandling

I tillegg til data frå sjølve analysen, følgjer SpecBase med på tekniske data og gir beskjed når dei sensitive analyseinstrumenta treng vedlikehald eller justering. Slik kan ein ta grep for å unngå instrument som streikar og periodar med lang nedetid.

Det viktigaste er at SpecBase har høgare kvalitet på prøvesvara. Det kan vere livsviktig sidan mange av analysane er grunnlag for kliniske avgjerder.

Godt samarbeid med Helse Vest IKT

SpecBase blei utvikla i samarbeid med Helse Vest IKT.

– Det tette samarbeidet mellom programmerarar, bioingeniørar og metodeutviklarar har vore avgjerande for å lage eit brukarvenleg produkt. Vi er heldige som har slik spisskompetanse på huset. Noko så kompleks som SpecBase hadde elles ikkje blitt til. I tillegg har alle på labben kome med nyttig input som blir sett veldig pris på, seier Kellmann.