Helse Vest IKT har fått nye nettsider

1. oktober lanserte Helse Vest IKT sine nye nettsider. Her vil vi gje deg enklare og meir tilpassa informasjon.

Helse Vest IKTs nye nettsider kjem i heilt nytt format. Men knappane er relativt lik som tidlegare.

Arbeidet med dei nye nettsidene starta for om lag eit år sidan og Helse Vest er den tredje helseregionen til å lansere dei nye sidene. Tidlegare har dei fire helseregionene hatt forskjellig nettløysing, men gjennom dette prosjektet har no heile spesialisthelsetenesta fått ein felles nettløysing. Det inkluderer alt frå Helse Vest Innkjøp til Helse Bergen.

Du kan lese meir om prosjektet på bloggen helsenorgebeta.net.

Sjølv om den nye nettsiden vår no er lansert, er ikkje jobben med nettstedet ferdig. Vi oppdaterer og vidareutvikler sida fortløpande.

Har du tilbakemeldingar på sida vår?

Send oss gjerne ein e-post til info@helse-vest-ikt.no og fortell kva du meiner.