Helse Vest opnar for mottak av elektroniske epikrisar

Avtalespesialistar, private sjukehus og andre som behandlar pasientar kan no sende elektroniske epikrisar til føretaka i Helse Vest.

På same måte som tilvisingar og dialogmeldingar vil mottekne epikrisar bli lagt inn i pasientens journal i Helse Vest sitt EPJ-system, DIPS. Dermed kan mottekne epikrisar bli gjort tilgjengeleg raskare for pasienten på Helsenorge.no.

Elektroniske epikrisar er noko som har vore svært etterspurt av avtalespesialister og private sjukehus.

- Dersom pasienten blir følgt opp parallelt hjå spesialist og sjukehus, er det no mogleg for spesialist å sende epikrise med oppdatert informasjon om behandlinga undervegs, seier Gunn Vigdis Myklatun.

- Dette betyr større pasienttryggleik sidan spesialisthelsetenesta vil få oppdatert informasjon frå heile behandlingsfasen. I tillegg sparer ein manuelt arbeid når ein slepp å skanne papirepikrisane, fortel Gunn Vigdis.

Dei har allereie fått førespurnad om mottak av elektronisk fødelsepikrise frå Volda sjukehus til Nordfjord.

- Dette er eit godt døme på auka pasienttryggleik. Mor føder i Volda og blir sendt til Nordfjord for barseloppfølging. Til no har epikrisane blitt sendt på papir, men no kan dei komme fram same dag som mor og barn blir overført.

Gunn Vigdis ber brukarane om å ikkje sende noko anna enn epikriser gjennom denne nye digitale kanalen.

- Meldingstypen er berre meint for bruk for å sende epikrisar, ikkje som transportmedium av annan informasjon.

Følgjande organisasjonar kan no ta imot epikrisar elektronisk:

  • Helse Førde
  • Helse Bergen
  • Helse Fonna
  • Helse Stavanger
  • Haraldsplass
  • Bergensklinikkene
  • Blå Kors Haugaland A-senter AS
  • Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus
  • NKS Jæren Distrikspsykriatiske Senter AS
  • NKS Olaviken Alderspsykriatiske Sykehus AS
  • Rogaland A-senter
  • Solli Sykehus AS
  • Stiftelsen Betanien Bergen
  • Voss DPS NKS Bjørkeli