Helse Vest/Sjukehusa i Helse Vest ute av beredskap

I dag, tysdag 5. april, går sjukehusa på Vestlandet og Helse Vest RHF ut av beredskap knytt til covid-19-pandemien. 

Alle dei fire helseføretaka i regionen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen - i tillegg til Haraldsplass Diakonale Sykehus, Sjukehusapoteka Vest, Helse Vest IKT ​og det regionale helseføretaket, er ikkje lenger i beredskap.

– Det er godt at vi no kan ta ned dei ekstraordinære strukturane for beredskap knytt til pandemien. Det har vore lange periodar som har kravd ekstra innsats av medarbeidarar og leiarar i sjukehusa. Den innsatsen som medarbeidarane har lagt ned under pandemien, og framleis gjer, er heilt avgjerande, seier administrerande direktør, Inger Cathrine Bryne.

I beredskap frå november 21

Det var i juni 2021 at føretaka i Helse Vest gjekk heilt ut av beredskap sist, etter å ha vore i beredskap frå 12. mars 2020. Frå 9. november 2021 gjekk Helse Vest inn i grøn beredskap igjen, då fleire pasientar med covid-19 vart lagde inn på sjukehusa på same tid som mange born fekk RS-virus. 26. november trappa sjukehusa og Helse Vest det opp til gult nivå, før det gjekk ned igjen til grøn beredskap frå 27. januar 2022.

– Vi fortset med å følge tiltaka og sette smittevern høgt framover òg. Dette blir følgd opp i dei ordinære linjene vi har, seier Bryne.

Vil følgje utviklinga nøye framover

Sjølv om drifta i sjukehusa no kan nærme seg normal, vil krigen i Ukraina, framleis opptrapping av planlagd aktivitet etter pandemien og auka ventetider påverke ordinær drift. 

–  Vi vil sjølvsagt følgje utviklinga nøye. Viss vi ser at det er behov for å gå inn i beredskap igjen, så vil vi ha låg terskel for det, avsluttar Bryne.​​​​