Den aktuelle e-posten sendast ut med varsel om ny melding frå prøvesvartenesta.
Viss du har motteke ein slik e-post, må du ikkje klikke på lenkene i den. Seriøse aktørar som Helsenorge vil aldri be deg om å klikke på lenker i meldingar dei sender ut.
Helsenorge vil heller aldri be om personopplysningar, brukarnamn eller passord, kontodetaljer eller betalingsinformasjon via e-post (eller sms). For å vere heilt trygg, oppmodar både Helsenorge og Helse Vest deg til å alltid logge inn via helsenorge.no.
Dette bør du gjere hvis du trur du har fått ein falsk e-post
- Slett eposten snarast. Ikkje trykk på lenka.
- Om du allereie har trykka på lenka, er det risiko for at du har fått skadeleg programvare på PC-en eller smarttelefonen din. Då må du installere alle program på nytt. Kontakt datakyndige dersom du er usikker på korleis det gjerast.
- Om du har trykt på lenkja og gitt frå deg informasjon, må du sperre kort og konto du har gitt frå deg informasjon om. Kontakt din bank og eventuelt forsikringsselskap. Bytt eventuelt også passord, om dette vart brukt.