Intromat-initiativ skal hjelpe folk med korona-uro

Intromat-prosjektet har brukt eksisterande materiale frå behandlingsopplegg og infrastruktur til å rulle ut eit nasjonalt sjølvhjelpsverktøy for folk som er urolig eller slit med uro under den pågåande koronasituasjonen.

Tine Nordgreen og Yngvar Skar har leia utviklinga av det nye korona-initiativet.

Intromat-prosjektet har sidan 2016 utvikla digitale sjølvhjelpsprogram for vaksne ulike pasientgrupper. Då koronasituasjonen braut ut i midten av mars spurde dei seg om korleis dei kunne hjelpe i situasjonen.

- Vi såg på kva vi hadde laga tidlegare og fann tekstar og oppgåver som gjekk på meistring av angst, frykt, sinne og frustrasjon. Vi samla det vi hadde laga for andre formål og gjenbrukte det. Slik fekk vi laga noko ganske kjapt. Noko som kunne hjelpe folk som var engsteleg eller stressa på grunn av koronasituasjonen, fortel innovatør Yngvar Skar.

Intromat-teamet, med utviklarar frå YouWell, phd-studentar frå Universitet i Bergen, psykologar frå Helse Bergen og innovatørar frå Helse Vest IKT, fekk stabla på plass ei løysing på rekordtid.

- Etter to veker hadde vi dei første modulane klare og den første deltakaren starta opp den 3. april.  For oss er dette første gong vi har starta opp med å tilby eit digitalt sjølvhjelpsprogram medan det endå var under utvikling. Programmet er no heilt ferdig og gjennomtesta. Men vi vil justere innhaldet i tråd med utvikling av pandemien og myndigheitenes anbefalingar, fortel prosjektleiar og psykologspesialist, Tine Nordgreen. 

Hjelp til sjølvhjelp

Intromat-teamet har etablert ei landingsside, co-mestring.no, kor brukarane kan gå inn og gjennomføre ein slags eigenscreening.

- Slik utelukkar vi dei som er veldig djupt nede i depresjonen og som treng profesjonell stønad. Og dei som er slik som meg, som tykkjer at livet går vidare og ikkje bekymrar seg for mykje, seier Yngvar.

Eigenscreeningen følgjast opp med ein samtale med ein psykolog, som sikrar at brukaren ikkje er suicidal og faktisk er eigna for programmet. Dersom ein blir godkjent får ein tilgang til ein brukar og kan logge seg inn.

- Her får ein tilgang på tekstar, video og oppgåver som kan lære deg nokre triks. Ein skal mobilisere eigne ressursar for å komme seg inn i eit betre tanksett.

Dei første tilbakemeldingane på opplegget har vore positive.

- Vi har så langt fått positive tilbakemeldingar frå deltakarane. Nokon fortel om mindre uro, nokon gir tilbakemelding om at det har vore godt å lese om andre som strever no, medan andre likar godt verktøya som har som mål å kunne samle seg og vere litt meir tålmodig med seg sjølv når ting er nytt og vanskeleg, seier Tine.

Nasjonal løysing

Denne veka blei verktøyet gjort tilgjengeleg nasjonalt via HelseNorge.no. Dermed kan alle nordmenn ta i bruk co-mestring.

- Vi har fått lagt det inn under eit avsnitt som heiter «verktøy». Der passar co-meistring bra inn. No håpar vi at så mange som mogleg vil bruke dette.

I dialogen med HelseNorge har Intromat-prosjektet fått hjelp av folk i Alle Møter-programmet, som har jamleg dialog med HelseNorge-folka.

- Alle Møter-programmet blir eit bindeledd inn mot HelseNorge-porteføljen. Mykje av forvaltingsopplegget er allereie etablert og blir gjeldande for Co-meistring. Så det er ikkje berre intromat-ressursane som har vore i sving. Vi har fått til ein fin handover med Alle Møter-programmet.

Yngvar, som sjølv nærmar seg pensjonstida, har vore med på mykje i løpet av sine år i Helse Vest IKT. Men han har aldri opplevd så rask framgang i eit prosjekt.

- Det har gått om lag fire veker frå vi starta arbeidet til vi stod klar med ei løysing. Det er ganske imponerande eigentleg. Spesielt med tanke på at vi har rigga eit forskingsprosjekt rundt det heile. Det seier litt om Lean arbeidsmåte og verdien av å ha etablerte byggeklossar i form av innhald, design og programvare, saman med ein infrastruktur som ein berre kan aktivere, seier han.