Kathrine utviklar morgondagens helsesystem

Ved avdelinga for Innovasjon og arkitektur jobbar dei med å gjøre kvardagen for pasientane enklare. Kathrine jobbar i Vestlandspasienten, og beskriv det som drøymeprosjektet.

Bildetekst

Kathrine Slettevold har utdanning i informasjonsvitskap og jobbar i dag som verksemdsarkitekt i Helse Vest IKT. Saman med om lag 25 andre tilsette på avdelinga jobbar ho med å utvikle betre løysingar for både pasientane og for helsepersonell.

- Eg jobbar mykje med å dekkje behov for informasjon og tenester på Helse Norge-plattforma. Då er det min jobb å sjå på korleis vi kan løyse det behovet på best mogleg måte med dei systema vi har, seier Kathrine.

Ho fortel at dei stadig trakkar opp nye stigar når dei jobbar.

- Dei bakenforliggjande systema er ofte ikkje designa med tanke på at pasienten skal vere ein aktør i sin eigen helseprofil, og det er gjerne ikkje nokon som har gjort noko tilsvarande før oss. Det blir mykje nytt å setje seg inn i, men det er utroleg spennande.

Frå konsulent til fast tilsett

Kathrine flytta til Bergen i ung alder, då ho begynte som student ved Universitet i Bergen. Etter å ha tatt ein mastergrad i informasjonsvitskap begynte ho som prosjektleiar ved Universitet i Bergen. Seinare fekk ho jobb som konsulent hjå Capgemini, før ho gjekk vidare til Webstep, der ho blei leigd ut til Helse Vest IKT.

- Karrieren min som konsulent i Webstep blei litt kort, for eg likte meg så godt at eg søkte meg over som fast tilsett i Helse Vest IKT, fortel Kathrine.

Då ho såg at Helse Vest IKT hadde ei ledig stilling var ho ikkje sein med å søkje.

- Eg fann ut at eg hadde lyst til å vere her på ein litt meir langsiktig basis. Prosjektet eg jobba med var så spennande at eg ikkje kunne gje slipp på det.

 

Drøymeprosjektet

Sidan ho begynte som konsulent i Helse Vest IKT har Kathrine jobba mykje med Vestlandspasienten, kor ho har hatt rolla som løysingarkitekt.

- Det er eit utruleg spennande prosjekt å jobbe med. Det er ikkje eit prosjekt som dukkar opp kvar dag. Vestlandspasienten er ganske tett opp mot drøymeprosjektet mitt. Eg trivst veldig godt med arbeidet.

Som løysingsarkitekt jobbar Kathrine med å finne effektive måtar å få involvert pasientane.

- Vi må finne måtar å gjere kvardagen til pasientane og deira pårørande enklare. Vi pratar mykje med representantar for pårørande og pasientar for å synleggjere kva som er utfordringane. Denne informasjonen bruker vi i arbeidet med å definere kva som skal til for å løyse behovet.

Stortrivst i Helse Vest IKT

Florø-jenta seier ho trivst veldig godt i Helse Vest IKT.

- Min kvardag er fylt med mange utfordringar. Det er høgt tempo og ingen dagar er like. Jobben min har ikkje noko rutinepreg, og det tykkjer eg er kjempespennande. Ein blir utfordra til å tenkje nytt og innovativt for å lage framtidsretta løysingar.

Ho kan tenkje på fleire gode grunnar til at folk burde søkje seg til Helse Vest IKT.

- I Helse Vest IKT finn du eit veldig stort fagmiljø. I avdelinga mi er det eit breitt spekter av kompetanse. Folk har erfaring frå mange ulike område, seier Kathrine.

- Kollegaene mine er trivlege og imøtekommande. Det er lov til å spørje dersom ein er på eit område som ein ikkje følar seg trygg på. Det handlar om å spele kvarandre gode. Det er lærerikt og veldig kjekt å jobbe i Helse Vest IKT, seier Kathrine.