Kreative sjeler på nettverksmøte

Under førre vekes nettverksmøte i regi av Moglegheitsrommet fekk deltakarane sjå nokre av dei mest kreative nyvinningane i helsesektoren.

Rolf Arne Haakonsen viser korleis ein hodeskalle kan gjenskapast i 3D for å hjelpe kirurgene til å forstå korleis dei skal gripe an problemet.

Vi vandrar inn under Haukeland sjukehus i ein labyrint av langa gangar. Forbi susar helsepersonell på sparkesykkel eller driftspersonell som triller på bur med skrot. Til slutt kjem vi fram til Helse Bergens siste innovative satsing innan medisinsk-teknisk utstyr, 3D-lab'en.

3D-lab'en opna i april i år og representerer eit fagområde med rask utvikling og store moglegheiter framover. Plastmodeller brukast i klinikken til å betre illustrere skadar på skjelett og har vore brukt på alt frå hæl/ankel-operasjonar og rekonstruksjon etter ansiktsskadar.

- Fordi kirurgane kan få eit betre bilete av kva som skal opererast kan vi kutte operasjonstida frå 3-4 timar til 15 minutt, fortel seksjonsleiar for Medisinsk-teknisk avdeling, Rolf Arne Haakonsen.

Men det er ikkje berre legane som tener på denne teknologien.

- Tidlegare måtte ein vente til hevinga var gått ned før ein kunne operere. Fordi vi no kan lage eit 3D-bilete av skjelettet kan operasjonen setjast i gang fortare, så da sparar vi inntil ti dagar liggjetid, fortel Rolf Arne.

Lærer av Snapchat

Vel oppe på Ferdighetssenteret blir ein møtt med nystekte vaflar og det er klart for nye presentasjonar av nye idear og kreative nyvinningar. Overlege, Paul Joachim Thorsen snakkar om korleis avatarer kan brukast innad i helsevesenet. Tidlegare i haust var han med å arrangere eit E-lan for barn og unge ved Barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland. Der fekk ungane lage sin eigen avatar. Men Thorsen trur avatar-teknologien har større potensial.

Paul Thorsen trur avatar-teknologien kan brukast effektivt innan helse i psykisk behandling av barn.

- På Snapchat brukar ein emoji og avatarer til å beskrive korleis ein har det. Men ingen har tidlegare kopla denne teknologien til der det betyr mest – helse, seier Thorsen.

Han meiner avatarene kan brukast til å la barne setje eit andlet til følelsane sine.

- Gjennom avatarer kan barnet gi ei tilbakemelding på sine følelsar. Til slutt kan ein få ein eigen teikneserie som fortel barnets historie. Eit opphald på barneposten kostar ein kvart million. Så viss vi kan korte ned dette besøket ved å få dei raskare frisk, er det mye å spare på det, seier han.

Bli med på Tekprat

Neste arrangement for Moglegheitsrommet den 15. januar frå klokka 12 til 15 på Bikuben. Temaet for Tekprat den gongen er nettopp 3D-printing.

Synnøve Olset (t.h.) var godt fornøgd med gjennomføringa av nettverksmøtet på Ferdighetssenteret.