Les Helse Vest IKTs innovasjonsrapport

2020 var eit innhaldsrikt og utfordrande år der Helse Vest IKT jobba aktivt med innovasjon for å gjere kvardagen betre for dei tilsette i sjukehusa under koronapandemien. Les kva vi har gjort i innovasjonsrapporten.

Helse Vest IKT var kjapt ute med å levere en VR-app kor ein kunne trene på bruk av smittevernsutstyr.

​Innovativ bruk av IKT er sentralt i Helse Vest IKT sitt arbeid. Målet vårt er å forenkle og forbetre, og saman med tilsette i sjukehusa og i andre deler av helse-Noreg blir det kvart år utvikla nye tenester, samstundes som eksisterande tenester blir forbetra.

Fredag 13 mars 2020 gjekk Helse Vest IKT i beredskap. Eit tverrfagleg løysningsteam blei oppretta for å finne løysningar på problemstillingar i sjukehusa, og i eget selskap, relatert til Covid-19. Ein del av dette arbeidet var ei fortløpande vurdering av vurdering av idéar og teknologiske løysningar fra leverandørar og tilsette.

Raske implementeringar av endringar i komplekse virksomhetar som sjukehus er utfordrande. Trass i dette lyktes Helse Vest og Helse Vest IKT særskilt godt med dei mest akutte behova relatert til Covid-19; aukninga i bruk av videkonsultasjon mellom pasient og behandlar, og stabile løysingar for ei betydelig auke i bruk av heimekontor. I løpe av få veke laga våre VR-spesialistar eit treningsprogram i korrekt påkledning av smittervern utstyr, og vi deltok i utviklinga av Helse Bergen HF og YouWell sin app for mestring av Covid19 relatert angst. Helse Vest IKT Innovasjon sitt åpne Covid19 webseminar «Teknologi og Korona» fekk stor merksemd med over 200 deltakarar.

I rapporten er typiske innovasjonsprosjekt omtala i kapittel 1, mens kapittel 2 beskriv nybrottsarbeid frå prosjekt i Helse Vest si regionale prosjektportefølje. Kapittel 3 fortel om nyvinningar i plattform og infrastruktur. Siste kapittel, kapittel 4, fortel om Helse Vest IKT sin eigen innovasjonsseksjon; prioriterte områdar i 2020, og kva seksjonen tilbyr av tenestar.

Klikk her for å lese innovasjonsrapporten.