Les Helse Vest IKTs innovasjonsrapport

I 2021 jobba Helse Vest IKT aktivt med innovasjon for å gjere kvardagen betre for dei tilsette i sjukehusa og pasientane deira. Les kva vi har gjort i innovasjonsrapporten.

To patologar står foran ein skjerm og ser på eit digitalt snitt frå ein vevsprøve.

Foto: Kristine Bø

Inn​​ovativ ​bruk av IKT er sentralt i Helse Vest IKT sitt arbeid. Målet vårt er å forenkle og forbetre, og saman med tilsette i sjukehusa og i andre deler av helse-Noreg blir det kvart år utvikla nye t​enester, samstundes som eksisterande tenester blir forbetra.​

Om årets rapport

Innovasjonsrapporten for 2021 beskriv prosjekt der Helse Vest IKT har bidratt aktivt i sjukehusa sine innovasjonstiltak. Det omfamnar innovasjonsprosjekt initiert av tilsette i helseforetaka, samt innovasjon i regionale prosjekt og program. Rapporten gir også innsikt i «inhouse» prosjekt i Helse Vest IKT; det vil si prosjekt initiert av Helse Vest IKT for å forbetre eigne prosessar eller ta i bruk ny teknologi for å effektivisere måten selskapet jobbar på i dag.

Helse Vest IKT er hovudleverandør av IKT- tenester til Helse Vest sine over 50 sjukehus og institusjonar. Mandatet til føretaket er todelt og omfattar stabil drift og fornying av eksisterandre løysingar, samt bidra til å styrke omstillingsevna til sjukehusa. Det inneberer mellom anna å fremme innovativ bruk av teknologi og bistå med ressursar til ​​​sjukehusa sine innovasjonstiltak i alle faser frå ide til realisering og spreiing regionalt og nasjonalt.

Innovasjonstiltaka i sjukehusa er hovudsakleg inkrementell innovasjon med vekt på å gjere tenestene meir brukarvenlege og digitalisere manuelle prosessar. Det gir stor verdi for sjukehusa i form av sparte kostnadar og betre helsetenester for pasientar. Eit døme på dette er prosjektet Innsjekk og betaling som har resultert i at over 500 000 betalinga​r har blitt sendt digitalt til pasientane i 2021, og der 40 prosent vel å betale med Vipps. Det gjer livet enklare for pasientane og kostnadseffektivt for sjukehusa som sparar ressursar til å skrive ut og sende faktura. 

Eit anna døme er spreiing av innovasjonsprosjektet Pust deg bedre, ein gratis App som formidlar vanskeleg kunnskap på ein enkel og visuell måte som pasienten forstår og dermed gjer livet enklare for kroniske sjuke og pårørande.

Men, 2021 hadde også innslag av meir radikal innovasjon, som til dømes Drone for effektivisering av Helse-Norge og Verktøy for anatomiske modellar. Dette er prosjekt med høgare risiko for å feile, men som samtidig har eit stort gevinstpotensiale om dei lykkast. I sum er alle prosjekta viktige bidrag for å styrke omstilingsevna og utvikling av ei bærekraftig helseteneste.​