Monica og Tor jaktar nye tilsette

Seksjon for Arkitektur og løysingsdesign og Portefølje og arkitekturstyring har tre spennande stillingar ute i augeblikket.
Dei to seksjonsleiarane Tor og Monica er på jakt etter nye og flinke folk.

Behovet for nye og flinke folk er stort i Helse Vest IKT. I skrivande stund er det heile seks stillingar som ligg ute på rekrutteringsportalen, Webcruiter. Tre av desse har seksjonsleiar for Arkitektur og løysingsdesign, Tor Helland Kleppe og seksjonsleiar for Portefølje og arkitekturstyring, Monica Granli.

Tor har to ledige stillingar som verksemdsarkitekt, medan Monica har ei ledig stilling som systemansvarleg for QualiWare.

- Det er travle tider i avdelinga for Arkitektur, portefølje og innovasjon. Vi har mange spennande ting på gang. Vi har allereie fått inn nokre søkjarar, men vi er sjølvsagt open for fleire, seier Monica.

- Helse Vest bruker verktøyet QualiWare for å understøtte regionens sterke satsing på verksemdsarkitektur. Verktøyet hjelper oss å halde orden på skildringar av ulike delar av verksemda, som vi ofte delar inn i strategi, prosessar, applikasjonar og informasjon/data, fortel ho. 

Tor leiar ei av dei største seksjonane i Helse Vest IKT. Sjølv om han allereie har 29 tilsette har han likevel behov for å styrke laget.

- Våre medarbeidarar står midt i det spennande endringsarbeidet i program og prosjekt. I hovudsak regionalt men også nasjonalt, eller interregionalt. Vi har hatt jamn tilvekst av medarbeidarar over fleire år, men opplever likevel at vi ikkje klarer å dekke etterspurnaden etter verksemds-/løysningsarkitektar. Vi merker at aktiviteten er høg på prosjektsida, men det er jo kjekt å vere etterspurd, smiler Tor, som har fått fleire søkjarar til dei to stillingane hans som verksemdsarkitekt.

Søknadsfristen går ut søndag neste veke. Klikk på lenkjene over for å lese stillingsutlysingene.