Møt Dina, den digitale eksperten på svangerskapsdiabetes

Helse Bergen og Helse Vest IKT er stolte over å introdusere deg for Noregs fyrste HelseChatbot - Dina, ein robot som gir svar på spørsmål om svangerskapsdiabetes.

 
Namnet chatbot viser til nettprat og "bot", altså robot. Og det er nettopp dette en chatbot er – ein robot eller eit dataprogram som menneske kan samhandle med gjennom språk, anten skriftleg eller munnleg. Og det fungerer, berre gå inn på «kontoret» hennar her og sjå!

Lærande intelligens

Prosjektet har teke i bruk kunstig intelligens for å utvikle Dina. Bakgrunnskunnskapen har ho fått frå jordmødrer, psykologar, kliniske ernæringsfysiologar, legar og andre fagfolk frå Haukeland Universitetssykehus og Bergen Kommune, som er strategisk samarbeidspartnar.

Etter kvart har chatboten vorte til eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og Helse Vest IKT.

– Det har vorte mykje lobbyverksemd og seine kveldar. Prosjektet har so langt ikkje hatt større innovasjonsmidlar å rutte med, men er i hovudsak bygd opp av interesse hos nokre eldsjeler. Vi har verkeleg vore eit dreamteam, skryt innovatør Agnethe Lund.

Lund legg til at utviklarane frå Helse Vest-IKT har gjort ein formidabel jobb med å tilpasse og teste chatboten. Faggruppa har i tillegg til kunnskapsytarane jordmødre, psykologar og klinisk ernæringsfysiologar bestått av fastlege, endokrinolog og fødselslege.

– Saman har dei produsert innhaldet som skal formidlast gjennom Dina. Ein engasjert og dyktig gjeng, roser legen vidare.

Prosjektgruppa har arbeidd mykje med brukaroppleving i Dina-prosjektet og kan forklare at kvar gong Dina vert brukt, hjelper brukarane Dina til å verte betre og smartare.

Behov for meir helseinformasjon

Sjukdommen svangerskapsdiabetes har auka kraftig i Noreg siste åra. I dag er det estimert at heile 5 000 pasientar i landet får diagnosen årleg.

– Det er eit sterkt behov for meir informasjon om svangerskapsdiabetes, og vi ser at dei som er ramma ofte ikkje får svar hos helsestasjon eller kommune, seier overlege Lund.

Ho kan fortelje at målsettinga med den nye chatboten er å styrke kvinners kunnskap om eigen helse.

– Dina er eit folkehelsetiltak for kvinner og det ufødte barnet. Ho er òg med på å forbetre Kvinneklinikken sitt tilbod, understrekar legen som arbeider med forsking på diabetes, og minner om at det er sju gangar større risiko for å utvikle diabetes seinare i livet dersom ein har hatt svangerskapsdiabetes.



Direkte kontakt med brukarane

I desember i fjor fekk Helse Vest IKT kontrakt med selskapet Convertelligense, og verktøyet Kindly kor ein kan legge inn alt innhaldet. Bak verktøyet ligg ein språkprosessor.

– Vi har vore opptekne av brukarmedvirking og hatt direkte kontakt med brukarane heile vegen for å teste brukarvennlegheita hos dei som faktisk skal nytte seg av verktøyet, forklarer Ingerid Julia Rødseth frå Arkitektur, portefølje og innovasjon i Helse Vest IKT.

Tidlegare i år arbeidde prosjektet med crowd-testing der dei fekk med seg ei gruppe med gravide med diabetes som fekk teste ut Dina og gi tilbakemeldingar om verktøyet.

Dina vert distribuert til jordmødrer i sjukehusa på Vestlandet, og er i full sving med å sikre sin del av helsa til dei vordande mødrene.