Møt Helse Vest IKTs nye detektivduo

Eva C. Backer og Kristin Grødem frå Helse Vest IKT har denne våren observert og intervjua overlegar og legar i spesialisering i Helse Vest om deira erfaringar med den elektroniske kurveløysinga, Meona. – Dette er eit bidrag i å skape auka forståing mellom oss i IKT sluttbrukarane, seier Eva.

Rapporten frå studien til Eva (t.v.) og Kristin (t.h.) vil bli presentert i september.

Den energiske duoen frå Stavanger kom i snakk med kvarandre etter at dei begge hadde skreve masteroppgåve. Eva i helseinformatikk ved NTNU og Kristin i Samfunnsikkerheit på UIS.

Eva leverte oppgåva si i 2018 og eitt av funna i oppgåva hennar var at det forskast overraskande lite på bruk av IKT i helsevesenet, både i Noreg og i utlandet. Oppgåva som ho skrev om innføring av Kliniske standardløysingar har no blitt obligatorisk lesing for IKT-prosjekt på mange sjukehus.

- Det har vore stor interesse for masteroppgåva og føredrag knytt til denne. Eg har fått meldingar om at Helseplattformen i Helse Midt og mange andre sjukehus har brukt oppgåva i planlegging av si innføring. Vi må dele alt vi kan med andre aktørar innan helse, så vi kan bli smartare saman.

Kristin på si side arrangerer kurs i den elektroniske kurveløysinga, Meona. Ei løysing som er til støtte i legemiddelhandtering og registrering av kliniske målingar. Gjennom desse kursa har ho hatt nær dialog med helsepersonell. I Kristin og Eva sin studie har dei sett nærmare på nettopp denne elektroniske kurveløysinga og brukaranes erfaringar med den. Det er eit område som Kristin, logisk nok, kjenner godt til gjennom jobben sin.  

- Gjennom kursa mine har eg fått mange små tilbakemeldingar på den elektroniske kurveløysinga (e-kurva), men gjennom denne studien kunne vi gå meir i djupna, fortel Kristin.

Undersøkjer legars erfaringar med e-kurva

Kristin og Eva er no i gang med innspurt i rapportskrivinga i studien deira.  Rapporten skal vere ferdig i løpet av september.

- I rapporten vil vi beskrive alle typar erfaringar som legar har med e-kurva, både positive og negative. Når det gjeld utfordringar med kurveløysinga, så har Helse Vest IKT ei viktig rolle i å løyse desse.

Med seg i studien har Eva og Kristin fått med seg Eric Monteiro som er professor frå NTNU, og Ingrid H. Johansen, som er overlege på Haukeland og forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.

- I studien bruker vi kvalitative metodar for å auke kunnskapen rundt ei løysing som helsepersonell bruker i sjølve behandlinga av pasientar og der man tidlegare brukte papir. Vi har eit stort datamateriale. I norsk kontekst er dette nybrotsarbeid, seier ho.

Det overordna målet med studien er å byggje kunnskap om korleis IKT kan støtte legars arbeidsoppgåver på best mogleg måte.

God mottaking i kliniske miljø

Kristin og Eva fortel at studien har blitt svært godt mottatt i legemiljøa.

- Tillitsvalde frå legeforeininga og fleire av informantane har sagt til oss at dei er imponert og svært fornøgd med at Helse Vest IKT har hatt initiativ til ei slik undersøking, fortel Kristin.

Kristin trur denne undersøkinga kan vere grobotn for eit betre samarbeid med kliniske miljø framover.

- Å byggje nettverk og relasjonar inn i legemiljøa er òg eit viktig mål med studien. Tillit mellom miljøa vil vere helt avgjerande for å få den nytta av digitaliseringa, som alle ønskjer seg, seier Kristin.

Opnar for meir forsking

Skulle den ferske detektivduoen få moglegheit til å køyre fleire slike studiar i åra framover, er dei slett ikkje framand for det.

- Vi håpar å få til fleire studiar i åra framover, men kapasiteten vår, og om Helse Vest IKT ønskjer det, vil bestemme om det blir mogleg, seier Kristin.

Ho trur det vil vere enklare å køyre ein slik studie neste gong.

- Vi skapar eit veldig interessant nettverk inn i legemiljø, der ein ikkje automatisk får tilgang. Eg trur at folk stoler på folk dei kjenner, så ein må ikkje undervurdere betydinga av gode relasjonar mellom folk innanfor IKT og folk i sjukehusa.

I 2017 blei Helse Vest IKT godkjent som forskingsinstitusjon, men miljøet for forsking i selskapet er framleis ikkje spesielt stort. Eva trur selskapet vil ha mykje å hente på å jobbe enda meir med høgare utdanningsinstitusjonar.

- Prosjekt og program kan truleg ha nytte av hjelp til å evaluere effekten av det dei gjer. Helst gjennom forskingsbaserte metodar, knytt til ein høgare læringsinstitusjon. Då kan andre også ha nytte av funna. Kva rolle som Helse Vest IKT skal ta her? Det må utviklast, konkluderer Eva.