Mykje prat om Tekprat

Arrangementet Tekprat hadde ifølgje Synnøve Olset ved Innovasjon ei god utvikling i Helse Veste i 2019. Evaluering frå deltakarar viser at det er stor interesse for teknologiforumet og for å delta på nytt.

– Vi har faktisk hatt heile 702 deltakarar sidan vi starta opp Tekprat i 2017, kan ei stolt Synnøve Olset fortelje. 

Og ho har all grunn til å stråle etter å ha teke eit lite forum og bygd det opp til eit ettertrakta arrangement kor det ikkje alltid er garantert å få plass. 

Tekprat eigast i dag av Helse Vest IKT. Arrangementa setjast opp i tett samarbeid med samarbeidspartnarar i Bergen og Oslo som VIS, Alrek Helseklynge, Høyskolen på Vestlandet, Bergen Kommune, Norwegian smarte Care Cluster og Bergen Næringsråd, samt Helse Førde og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane i Førde.

I fjor gjennomførte Innovasjon ved Olset i spissen fem arrangement med foredrag om helseteknologi og trendar. Fire av dei var i Bergen og eitt i Førde kor Gro Rukan har vore prosjektleiar for forumet. 

– Det har vore viktig for oss å bruke tid på å setje oss inn i aktuelle trendar og tema og vere opne rundt planlegginga. At vi har involvert tilsette i Helse Vest, men òg i næringslivet og akademia har vore alfa omega. Samarbeid med næringsliv og akademia og innspel vi har fått frå dei har hjelpt oss å løfte fram aktuelle casar både frå helsevesenet og industrien. Vi takkar samarbeidspartnarane våre i Bergen og Førde for godt samarbeid og ser fram til vidare samarbeid i 2020, understrekar Olset. 

Evaluering med gode tilbakemeldingar
I desember vart Tekprat streama live for fyrste gong på Facebook, og då nådde Tekprat ut til 809 personar. 

At Tekprat vart streama har gitt mange gode tilbakemeldingar i etterkant av arrangementet. Synnøve har nemleg evaluert deltakarane på Tekprat for å finne ut kva folk meiner om forumet.
 
– Det som går igjen er at dei fleste er positive og synst dette er eit godt forum med entusiasme som folk vil ha meir av, gjerne når erfaringane har lagt seg og ein veit meir om teknologien. Og ikkje minst at 100 % av deltakarane er interessert i å delta igjen, legg ho nøgd til.  

I 2020 skal Helse Vest IKT setje opp fleire Tekprat-arrangement i Helse Vest. Har du tips til tema for Tekprat i 2010? Kanskje du kjenner til digitale prosjekt/teknologiprosjekt i eigen region eller andre regionale føretak som kan vere spanande å lære meir om?Her kan du registrere forslag.

Ønskjer du å følgje Tekprat på FacebookDå kan du få med deg spanande arrangement og tips til teknologitrendar i helsesektoren.