No kan du sjå fleire prøvesvar på Helsenorge

Frå 23. november vart fleire prøvesvar tilgjengeleg rett i nettlesaren. Dette medfører at pasientar kan følgje eige sjukdomsbilete på ein heilt ny måte.

Foto: Colourbox

Helse Vest publiserer no prøvesvar frå mellom anna patologi og radiologi i pasientjournalen på Helsenorge.no.

– Dette er informasjon som pasienten svært gjerne vil ha. Nokon har tatt brystdiagnostikk. Andre har tatt celleprøver. Andre igjen er kronisk sjuke som ønskjer å forstå meir om sin eigen sjukdom, og som no kan følgje med på utviklinga over tid, seier Margrete Wie.

Wie er leiar for prosjektet som har resultert i at innbyggjarane no kan få innsyn i utvalde prøvesvar. Prosjektgruppa frå Helse Vest IKT har jobba saman med leger frå heile regionen. Saman har dei vurdert alle sider av innføringa, og korleis dette kan gjerast på ein god måte.

– Det har vore viktig å forankre dette på tvers av sjukehus og fagområder, for det er fortsatt mange skeptikarar. Legen med 150 kreftpasientar er bekymra for korleis pasientane brukar informasjonen. Pasienten vil på sin side veldig gjerne ha denne informasjonen, seier Wie.

– Eit t​​​illeggstilbod

Innsyn i prøvene gjer det mellom anna mogeleg for pasienten å samanlikne gamle og nye prøvesvar, og bruke dette til å lære meir om sitt eige sjukdomsbilete. Eit viktig spørsmål for prosjektgruppa har vore kva dette kan gjere med dialogen mellom behandlar og pasient.

– Den direkte kommunikasjonen med legen vil alltid vere viktigast, og det er legen som først skal informere pasienten om prøvesvar. Difor er det også lagt opp til ei forseinking før svara blir tilgjengelig på Helsenorge. Innsyn i eigne prøvesvar skal vere eit tilleggstilbod til pasienten, seier Wie.

Ønskjer f​​ull openheit

Når no fleire prøvesvar blir tilgjengeleg gjennom Helsenorge, er det ein del av ein langt større prosess der målet er full openheit. På sikt skal innbyggjarane finne alle sine prøvesvar her.

Dette er eit stort og omfattande arbeid, og det vil ta tid før alt er på plass. Når vi no leverer prøvesvar innan patologi og radiologi, er det eit viktig steg på vegen. Her går vi i Helse Vest foran, seier Wie.

Kva prø​​​​vesvar finn du på Helsenorge?

Du vil finne prøvesvar bestilt av sjukehuset i desse kategoriane:

  • Patologisvar (undersøkingar av vev- og celler)
  • Radiologiundersøkingar (til døme​​s røntgen, MR, CT og PET).
  • Andre tekstlege prøvesvar som sjukehuset har bestilt og som er tilgjengelege i pasientjournalen.

Prøvesvar som er bestilt av fastlegen din vil inntil vidare ikkje visast på denne måten, sjølv om dei er utført på sjukehuset. Du må sjølv kontakte fastlegen for å få svara på desse undersøkingane.

Merk at prøvesvar brukast som arbeidsverkty for helsepersonell. Språket må vere presist for å unngå misforståingar, og av den grunn brukast ord og uttrykk som kan vere vanskeleg å forstå.​

Skjermbilete

Du finn prøvesvara dine i Pasientjournalen din på Helsenorge.no. I 2022 vil dei også dukke opp under «Prøvesvar».

​​