No skal sjukehusa bruke videokonsultasjonar

For å halde fysiske møter mellom menneskjer til eit minimum og redusere risiko for smitte, vil sjukehusa no bruke videokonsultasjonar så langt det er mogleg.

I Helse Vest IKT har dei jobba på spreng dei siste vekene for å få klar ei god og sikker løysing for videokonsultasjonar. No skal altså polikliniske konsultasjonar bli gjennomført via video i heile Helse Vest.

– Det er viktig å halde dei tilsette og pasientar friske, samstundes som alle skal få eit godt og tilstrekkeleg tilbod. At vi no kan tilby videokonsultasjonar er eit viktig tiltak for å redusere smitterisikoen i sjukehusa, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Personvernet har høgste prioritet

Løysinga som no blir tilgjengeleg er allereie klar til bruk, og over tusen virtuelle møterom har blitt bestilt av ulike avdelingar i sjukehusa. Behandlaren som ønskjer å bruke videokonsultasjon må bestille eit eige virtuelt møterom som pasienten blir kalla inn til. Dette skal bidra til å sikre personvernet til pasienten.

– Personvernet til pasienten har høgste prioritet når vi vel å ta i bruk videokonsultasjonar. Vi har gode rutinar og strenge krav som skal sikre at vi tek i vare personvernet også ved ein elektronisk konsultasjon, seier Christiansen.

Pasientane loggar seg inn på helsenorge.no med Bank ID, anten via smarttelefon, PC eller nettbrett, der dei har fått tilsendt eit elektronisk innkallingsbrev. I innkallingsbrevet ligg det ei lenkje som pasienten kan trykkje på for at løysinga skal opne seg. Møteromma blir låst under ein konsultasjon, slik at ingen andre kan kome inn i det virtuelle møterommet.

Pasientar må registrere samtykke på helsenorge.no

Dei pasientane som er aktuelle for ein videokonsultasjon vil bli kontakta av sjukehuset. Sjukehusa sender elektroniske innkallingsbrev via helsenorge.no, og informasjon om endring av time vil også bli formidla her. Når sjukehuset sender eit elektronisk brev via helsenorge.no, vil pasienten få tilsendt ei SMS-varsling. 

– Behandlaren skal vurdere om ein konsultasjon krev at pasienten er fysisk til stades, eller om konsultasjonen kan bli gjennomført via video eller telefon. For at du som pasient skal kunne gjennomføre videokonsultasjon, må du først logge inn på helsenorge.no og registrere ditt samtykke slik at sjukehuset kan kalle deg inn, seier Christiansen.

​Slik registrerer du samtykke på helsenorge.no
På helsenorge.no må du logge deg inn med Bank ID. Ikkje alle har moglegheit til dette, som for eksempel barn mellom 12 og 16 år. Det blir arbeida med ei løysing også for desse gruppene, men i mellomtida har sjukehusa tatt i bruk andre løysingar.

Meir informasjon om videokonsultasjonar finn du her: https://helse-vest-ikt.no/aktuelt/videokonsultasjon-med-behandlar-via-helsenorgeno#oppkopling-til-videokonsultasjonen

Logg deg inn på helsenorge.no