Noregspremiere på e-meldingar

Helse Vest og Helse Midt er no først ute med å sende meldingar på tvers av regionar.

Det blir no opna for utvida elektronisk samhandling på tvers av regionane.
Det har i lang tid har vore eit sterkt ønske om å kunne sende meldingar til sjukehus i andre regionar. 26. mars opna Helse Vest IKT for sending og mottak av elektroniske epikrisar mellom sjukehus i Helse Vest og Helse Midt.

Helse Vest IKT har tidlegare hatt avtalar om sending av meldingar mellom regionar innan spesifikke fagområde. No blir det opna for utvida elektronisk samhandling på tvers av regionar, uavhengig av fagområde.

Dette er første gong det blir etablert eit samarbeid for generell meldingsutveksling mellom regionar i Norge, og Helse Vest er dermed i teten for vidare utbreiing av dagens løysingar. I første omgang er det epikrisar som kan sendast mellom regionane då dei følgjar ein arbeidsflyt som er relativt enkel å tilpasse til utveksling på tvers av regionar.