Då Haraldsplass skulle byggje sitt nye sjukehusbygg var dei tidleg klare
på at dei ville ta i bruk nye, digitale hjelpemiddel for å få eit moderne sjukehusbygg, som var klar for framtida. Dette har skapt ein ny
kvardag for dei tilsette ved Haraldsplass diakonale sykehus. No har papirlappar
på dørene blitt bytta ut med touch-skjermar og nettbrett.
Det nye bygget har kosta
723 millionar kronar og blei opna i oktober i 2018. Innføringa av dei nye digitale
løysingane har gått gradvis og både legar og sjukepleiarar melder no om at dei
har betre tid til pasientane.
Klikk her for å gå til Dagens Medisin sin artikkel om nye Haraldsplass Sjukehus.
Klikk her for å lese meir om det nye sjukehusbygget.


Av:
Øyvind Jacobsen Røen