Ny nettside for "Pust deg betre"-appen

Formålet med nettsida er å gje informasjon til fysioterapeutar og lungesjuke om verdien av pusteteknikkar og appen som verktøy.

Nettsida inneheld sju opplæringsvideoar om korleis og kvifor lungesjuke og fysioterapeutar bør ta i bruk verktøyet Pust Deg Bedre, og faglege tips og råd til korleis behandlinga kan optimaliserast.

Nettsida er utvikla i samarbeid med lokale leverandørar og støtta økonomisk av Stiftelsen Dam.

Gå til nettside: www.pustdegbedre.no.

Då korona-pandemien braut ut påverka det planane til prosjektet «Pust Deg Bedre». Appen er utvikla som eit digitalt verktøy for lungesjuke slik at dei vert betre i stand til å ta vare på eiga helse og unngå unødige sjukehusinnleggingar. Sidan lungesjuke er ekstra sårbare om dei vert utsett for virussmitte, vart det viktig å få appen raskt tilgjengeleg for brukarane. Rundt påsketider vart appen gjort tilgjengeleg, og fram til no er den lasta ned over 1200 gongar.

- Godt samarbeid med mange ulike personar har vore avgjerande. I tillegg til ei enorm støtte i eiga avdeling og frå Helse Førde generelt, så har prosjektet andre viktige samarbeidspartar; LHL, HVL, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Helse Vest IKT. I denne tida har dei alle vore tett på for å komme i mål. Nettsida er eit synleg resultat på kva vi kan få til med eit godt samansett team, seier spesialfysioterapeut i Helse Førde, Elin Johnsen.

Elin Johnsen (t.h.) håpar appen får nasjonal spreiing.

«Pust Deg Bedre» blir òg gjort synleg via Helsenorge.no
I arbeidet med å breidde dei digital verktøya, app og nettside, har Helse Førde arbeidd saman med Norsk helsenett (NHN) og Helse Vest, med mål om å etablere ei informasjonsside på Helsenorge.no.
Informasjonssida på Helsenorge.no blir publisert 4. juni, eit døgn etter at Pustdegbedre.no er gjort tilgjengeleg.

Helsenorge.no er den offentlege nettstaden for innbyggarar i Noreg. Innhaldet vert levert av ulike aktørar i helsesektoren, og det er Norsk Helsenett som har ansvar for drift og utvikling av nettstaden.
Helsenorge.no har informasjonssider, der du finn kvalitetssikra helseinformasjon om ei rekke tema, og sjølvbeteningsløysingar, der du har tilgang til ulike helserelaterte nett-tenester.
 
- Dette er ein viktig nasjonal kanal og ein god måte å få bredda tenesta nasjonalt. Ambisjonen var å publisere informasjon om appen «Pust Deg Bedre» på begge plattformane på tilnærma same tid, noko vi har klart, seier Elin Johnsen.