Nytt stopp på trainee-toget

Sist vi høyrde frå Syver, satt han midt i handlinga på Kundesenteret. No har 24-åringen, som er trainee i Helse Vest IKT, teke fatt på nye utfordringar i seksjon for Applikasjonsstønad. 

Syver Martinsen Ekeberg står utanfor kontorlokale til Helse Vest IKT i Ibsensgate. Han smilar til kamera. I

Syver trivast godt som trainee i Helse Vest IKT.

Vi vart først kjent med Syver i april 2022. Han var då på stopp nummer ein i eit trainee-løp som strekkjer seg gjennom tre seksjonar på to år. På Kundesenteret var han med på å gi akutt brukarstønad til tusenvis av brukarar.  ​

– Det var hektisk, spanande, og ikkje minst moro, mimrar 24 åringen.  

Frå første til andre linje ​

Fire månadar seinare sjekkar vi inn med han igjen. No har han teke fatt på nye utfordringar, denne gong på seksjon for Applikasjonsstønad. Meir presist, i teamet som heiter Plattformstønad.  

– Her har eg betre tid til å løyse saker, men desto meir å bryne meg på i kvar sak, forklarer Syver.  

For medan Kundesenteret var første linje, er Plattformstønad andre linje. Det vil seie at dei som jobbar der, tek seg av meir tekniske problem som mellom anna ikkje kan løysast av Kundesenteret. I tillegg behandlar dei bestillingar for utsending av programvare, oppsett av e-post på mobil, 2-faktor autentisering, frigiving av stoppa e-postvedlegg, og diverse andre førespurnadar.  

– Det kjem ofte inn ukjente problemstillingar, og eg vert utfordra heile tida. Eg må google, teste og feile. Eg lærer mykje, seier han. ​

Trainee-toget går vidare  

Ideen med trainee-opplegget er at Syver skal få bryne seg på aktuelle, utfordrande og spanande problemstillingar på tvers av seksjonar i Helse Vest IKT. Han har hatt skreddarsydd opplegg i begge seksjonane han har besøkt til no. I desember går trainee-toget vidare. Kva seksjon han endar opp i då, er ikkje bestemt.  

– Men det hadde vore kult å prøve seg på noko innanfor IKT-tryggleik, hintar Syver.  

Han er takknemleg for å få teste seg innan ulike fagfelt i same bedrift.  

– Det er ein genial moglegheit til å forme sin eiga framtid, seier han nøgd.  

Resultatet vert vonleg ei unik innsikt i organisasjonen.