Nytt VR-rom for barn og unge

Eit viktig skritt for framtidas helsetenester, seier Frps stortingsrepresentant Silje Hjemdal om det splitter nye VR-rommet ved Energisenteret i Helse Bergen som skal nyttast til behandling av barn og unge.

Det nye VR-rommet skal vere ein plass for barn og unge kor dei kan få VR-behandling eller komme for å få ein avbrekk frå sjukehuskvardagen.

VR-rommet er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og Helse Vest IKT, og er initiert av Lars Peder V. Bovim, leiar ved Energisenteret for barn og unge i Helse Bergen.

– Vi har hatt behov for ein arena som dette i lang tid, seier Bovim, som er særs nøgd med at rommet no er ferdig og klar til bruk.

    Ein ungdom får prøve eit behandlingsspel i VR som vert brukt under behandling av angst og andre lidingar.

Kan hindre barn i å bli meir sjuke

Prosjektet fekk 500 000 i innovasjonsmidlar i fjor, og då Haukelands venner i tillegg sa seg villige til å støtte initiativet, vart VR-rommet endeleg ein realitet. 

No skal idrettsterapeutar, fysioterapeutar og klinikarar bruke rommet til å behandle unge pasientar.

– Her skal barn og unge få VR-behandling for angst, psykose og diverse andre lidingar, men dei kan òg kome her for å få eit avbrekk frå kvardagen. Det skal vere ein friplass for dei. Målet er at dei skal gå ut herfrå med eit smil om munnen, forklarer Håkon Garfors frå Innovasjon i Helse Vest IKT.

Ifølge styreleiar for Haukelands venner Helge S. Dyrnes og medlem Tove Ellingsen, har det ikkje vore vanskeleg å sjå at VR-rommet vil få stor tyding for Haukeland sjukehus framover.

– Dette tilbodet vil jo mest sannsynleg spare samfunnet for pengar på lang sikt, og dermed òg spare unge pasientar for lidingar seinare i livet. Vi synst det er fint og oppmuntrande å sjå at ein kan komme inn tidleg gjennom behandlingsspel, og hindre at barn og unge vert meir sjuke, ytrar Ellingsen.

    Haukelands venner har vore tidleg inne i prosessen for å seie at dei ville støtte opprettinga av VR-rommet. Frå vensre Tove Ellingsen (Haukelands venner), Malene Joensen og Lars Peder V. Bovim ved Energisenteret og Helge Dyrnes, leiar i Haukelands venner. 

På barns premissar

VR-rommet har heile 150 ulike spel å by på innan Virtual Reality. Nokre av spela er for å trene seg i sosiale situasjonar, andre kan ta med barnet gjennom ein fornøyingspark eller til ein by som kan vere vanskeleg å besøke av ulike grunnar. 

– Vi har òg reine sportsspel kor ein kan prøve seg i alt frå volleyball til slalåm. Desse har ein bonus med at dei gir ein ganske god treningseffekt, smiler Garfors.

Frp-politikar og stortingsrepresentant Silje Hjemdal har vist ei spesiell begeistring for det nye VR-tilbodet ved Energisenteret på Barne- og ungdomssjukehuset i Helse Bergen.

– Barn er ikkje små vaksne, derfor er eg glad for at ein legg til rette for desse pasientane på ein måte som tek opp i seg nettopp deira behov og ønskjer. Som barnas stortingsrepresentant synes eg dette rett og slett er kult, understreker Hjemdal.

Ho var særs engasjert då ho deltok på opninga av VR-rommet i januar, og meinte det var eit riktig og viktig skritt for framtidas helsetenester.

– Eg er sikker på at dette vil gi resultat. Dette er eit særs godt eksempel på å tenkje nytt. Eg heier på Helse Bergen og Helse Vest IKT som tørr å tenke utanfor boksen og nytte seg av ny teknologi for å gjere våre yngste pasientar sin kvardag enklare, legg Hjemdal til.


    Stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) viste si begeistring for VR-rommet under opninga i januar, og fekk sjølv prøve seg i eit behandlingsspel i VR.

Barn og foreldre skal kunne gå rett inn

Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge er allereie tungt inne i prosjektet, då dei har arbeidd med VR-assistert behandling av barn og unge i lang tid.

– Dette rommet gir oss stor kapasitet til å behandle unge gjennom VR, og vi kjem òg til å bruke rommet til å forske på vår eigen behandling for å lære meir om effektane, fortel klinisk barnevernspedagog Guri-Elise Holgersen.

Bovim ved Energisenteret har store håp og draumar for det nye behandlingsrommet:

– Målet er at klinikkane skal komme å banke på dørene slik at vi kan få på plass behandlingstilbod for barn og unge her inne.

Rommet skal vere eit fritidstilbod for pasientar og pårørande, og etter kvart vil det òg vere opent på kveldstid for opplært personell.

– Drøymescenarioet er jo at dette vert et rom på lik linje med treningsrommet vi har for pasientar og pårørande her i Energisenteret. Foreldre skal kunne spasere fritt inn her med barna sine slik at dei kan få ein pause frå sjukehuskvardagen, avsluttar Bovim.

    VR-rommet er eit tett samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og Helse Vest IKT. Her frå venstre: Lars Peder V. Bovim ved Energisenteret, innovatør Håkon Garfors frå Helse Vest IKT og klinisk barnevernspedagog Guri-Elise Holgersen frå Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge.