Planlegg digital Tekprat

Arrangørane av Tekprat planlegg no ein digital utgåve av Tekprat den 27. mai.

​I ljos av den pågåande koronasituasjonen med tilhøyrande avgrensingar om å samle større gruppar med folk har arrangørane av Helse Vests Tekprat gått inn for å lage ein heildigital utgåve av arrangementet.

Dette vil bli arrangert den 27. mai og temaet skal vere Teknologi og koronavirus. Her skal ein sjå på korleis teknologien kan vere med og gjere det enklare for både sjukehus og andre sektorar å samhandle og jobbe effektivt, til tross for at ein må halde avstand.

Webinaret vil vare om lag to timar. Vi kjem tilbake med meir informasjon om føredragshaldarar når det nærmar seg.