Styrker opplæringstilbodet med e-læring

Før 2020 stilte alle nye tilsette i Helse Vest på fysiske kurs i sine fagsystem. No tek dei nettkurs i sitt eiget tempo når det passer dei best. Pandemien førte til ei endring som auka både kvaliteten og tilgjengelegheita.

June Indrevær er ein del av teamet som har utvikla e-læringskurs for tilsette i Helse Vest.

​Du tenkjer nok ikkje over det, men alle legar, sjukepleiarar og merkantilt tilsette som byrjar i Helse Vest, går gjennom ein grundig opplæring i fagsystema dei skal bruke. I gamle dagar, det vil seie før pandemien, fekk dei eit tidspunkt og ein stad å møte opp på. No er alt dette snudd på hovudet.

– Tidlegare var dette klasseromskurs, og det heile var ein stor logistikkoppgåve. Nokon intense dagar kvar vår hadde vi til dømes 4-500 sommarvikarar på opplæring. Då var det alle mann til pumpene for å få gjennomført desse kursa på ein god måte, seier Johan Sulen Lindtner, leiar for seksjonen Felles løysing i Helse Vest IKT.

Seksjonen hans har ansvaret for at alle nye tilsette og studentar får den opplæring dei treng. Årleg omfattar dette rundt 3500 personar.

Gjorde noko dei hadde tenkt på lenge
Så kom pandemien, og alle vart tvungen til å tenkje nytt. Der ein tidlegare kunne møte noko motstand når ein drista seg til å foreslå nye måtar å gjere ting på, møtte ein no godvilje og kanskje også litt desperasjon etter noko som fungerte i den nye kvardagen.

– Vi visste at kursa våre kunne egne seg i digital form, seier konsulent June Indrevær.

Ho hadde erfaring med e-læring frå tidlegare, og såg eit vindauge til å gjere alvor av planane dei hadde hatt lenge. Saman med kollegaene på Felles løysing gjekk ho i gang med å utvikle e-læringskurs.

– Som så mange har funne ut dei siste åra, så handlar ikkje digitalisering om å sette straum på papir. Ein må starte på nytt og finne ut kva som er målet for læringa. Samtidig må ein sjå på innhaldet i kurset, og korleis det kan formidlast best mogeleg. Til sjuande og sist handlar det om kva ein forventar at brukarane skal lære, og korleis ein skal oppnå det, seier Indrevær.

Dei nytta den kompetansen dei hadde internt, og skaffa seg også ytterlegere kompetanse med nye verktøy og programvarer. Slik bygga dei kursinnhald med tekst, bilete, film, illustrasjonar og oppgåver.

Meir effektivt
Hopp fram to år, og heile kurspakken til seksjon Felles løysing er digitalisert.

– Det er lagt ned ein enorm jobb for å få dette til, og det har så mange positive effektar. No kan deltakarane ta kursa når dei sjølv ønskjer, og i det tempoet som passar dei best. Har dei behov for oppfrisking, så kan dei ta kursa på nytt. Kursa er alltid tilgjengeleg, seier Johan Sulen Lindtner.

Rannveig Dale er systemansvarleg for Meona i Helse Stavanger. Ho har sett desse positive effektane på nært hald.

– Nye tilsette trenger ikkje lenger vente opp til ei månad på næraste kursdato. Dei treng heller ikkje å forlate avdelinga. Dei kan gå rett inn og lære seg systema med ein gong, seier Dale.

Ho peiker også på fleire fordeler. Kursa kan evaluerast og oppdaterast kontinuerleg, og ein kan alltid være sikker på at kursdeltakarane får same informasjon.

– Vi tilbyr framleis ein form for klasseromskurs, der deltakarane kan ta e-læringskursa med instruktørar til stades. No ser vi at stadig færre melder seg på desse, fordi e-læringskursa er så gode i seg sjølv, seier Dale.

No planlegg seksjonen til Lindtner å utvikle fleire e-læringskurs.

– Det er stor etterspørsel. Eg er stolt av seksjonen min og dei tilsette som jobbar med dette. Resultata talar for seg sjølv, slår Lindtner fast.

Skjermbilde fra kurs i talegjenkjenning

Bruk av talegjenkjenning som journalføringsverktøy i DIPS er eitt av e-læringskursa som seksjon for Felles løysing i Helse Vest IKL har utvikla.​​​