- Vi såg på intranettene til føretaka at det var
manko på smittevernsutstyr og kom over ein video om smittevernsrutinar som
Pasientsikkerheitsavdelinga i Helse Bergen hadde laga saman Ferdigheitssenteret
hos Helse Bergen. Den inspirerte meg til å lage ein VR-app av det som ein gjekk
gjennom der, seier Thomas.
I VR-simulatoren til Thomas kan helsepersonell trene
på korrekt handhygiene, ta på og av seg smittevernsutstyret og gjennomføre
prøvetaking av pasientar. Simulatoren har blitt laga frå botn av og viser dei
same trinna som Helse Vest har i sin eigen rettleiar.
For Thomas sin del blei det ein hektisk kamp mot
klokka for å rekke ein kort tidsfrist.
- Eg fekk ein frist på ei veke for å presentere noko,
dersom det skulle bli tatt med vidare som eit tiltak i verktøyskassa til Helse
Vest. Eg sat lengje oppe nokre kveldar for å få ferdig ein prototype på ei
veke. Det gjekk fint og i løpet av den neste veka blei appen nærmast heilt
klar, slik vi ser den her, fortel Thomas.
Han er glad for at VR-simulatoren hans blei tatt med
vidare og beskriv det som eit draumeprosjekt.
- Eg hadde ein sjukdomsperiode i starten der eg
jobba heimanfrå. Då var det motiverande å jobbe med eit slikt draumeprosjekt.
Det var eit perfekt avbrekk frå dei andre prosjekta, fortel han.
Saka held fram under biletet

Alt VR-utstyret blir desinfisert med sprit mellom kvar brukar.
Fleire fordelar
I juli var Thomas på besøk hos
Ferdigheitssenteret på Haukeland for vise den siste prototypen av simulatoren. Der fekk den ei god
mottaking.
- Det er eit veldig godt supplement til den praktiske
og den teoretiske opplæringa. Det hjelper å lese og sjå film når ein skal lære
seg praksisen for bruk av smittevernsutstyr, men ein får det meir inn i
fingrane når ein i tillegg kan trene fysisk på systematikken og rekkefølgja,
seier rådgjevar hos Ferdigheitssenteret på Haukeland, Ragnhild Manger.
Smittevernsutstyret er eingongsutstyr, i tillegg til
at det er å rekne som mangelvare i sjukehusa. Ragnhild meiner derfor det
er ein god idé å ta i bruk VR-teknologien til dette.
- I starten kunne vi ikkje bruke munnbind då vi
trente. Då fekk vi beskjed om at det var mangelvare og at det måtte bli spart
til reelle hendingar. Ein slik app er derfor eit godt supplement, seier ho.
Dagleg leiar for Ferdigheitssenteret, Marthe
Fjeldstad peiker på at appen har andre fordeler også.
- Det fine med VR-appen er at ein kan trene på
eigenhand og at ein får feedback med ein gong dersom ein gjer noko som er feil.
Ein kan også trene i trygge omgjevnader, utan å vere redd for å bli smitta,
seier Marthe.
Ved Ferdigheitssenteret har dei sidan mars arrangert
ei rekkje fysiske øvingar med tilsette frå ulike avdelingar. Det er mykje
arbeid knytt til ei slik øving, seier ho.
- Sjølv om ei slik fysisk øving berre varar ein time,
er det ganske mykje arbeid i forkant og etterkant med å riggje til øvinga og
kalle inn dei ulike yrkesgruppene. Her er det mykje enklare. Ein kan berre ta
på seg headsettet og ein treng ikkje å rydde og vaske etterpå. Så det er heilt
klart mykje fordeler med dette, seier Marthe.
For å gjere VR-brillene heilt trygge å bruke har dei
blitt utstyr med ein silikonmaske, slik at dei kan spritast mellom kvar brukar.
Saka held fram under biletet

Marthe Fjeldstad (t.v.) og Ragnhild Manger fekk prøve VR-simulatoren til Thomas Fiskeseth Larsen (t.h.)
Vegen vidare
VR-appen til Thomas har ikkje vore gjennom nokre
kliniske testar endå, men har blitt utvikla i samråd med ein lege og nokre
sjukepleiarar. Sjølv om appen ikkje har blitt tatt i bruk endå er dei tilsette
på Ferdigheitssenteret sikker på at den vil komme til nytte.
- Det er mange som allereie har fått trent på bruk av
smittevernsutstyr, men til hausten kjem det sikkert fleire nye tilsette, i
tillegg til at folk har behov for å terpe.
- Det fine med appen er at smittevernsarbeidet er
noko vi må jobbe med heile året, ikkje berre når det er korona. Så denne appen
kjem sikkert til å vere nyttig etter at koronasituasjonen er over også, seier
Ragnhild.
Dei tilsette på Ferdigheitssenteret jobbar tett med
Thomas, Håkon Garfors og dei andre innovatørane i Helse Vest IKT året gjennom.
Dei er derfor ikkje sky for å komme med forbetringsforslag.
- Eg kunne ønskt meg ein testversjon der ein kunne
gjere ting fritt utan retningslinjer og at ein fekk ein score på slutten, ut
ifrå kor mykje ein gjorde riktig, seier Marthe.
Thomas nikker anerkjennande.
- Det kan vi få til, seier han.
Av:
Øyvind Jacobsen Røen