Tekprat - Digital revolusjon i helsesektoren

Dato: 10. desember | Sted: Online | klokka 1400-1530

Kva samfunnsøkonomiske verdiar ligg i helsedata, og kva er det som hindrar og fremjarr utnytting av helsedata?

​Helsesektoren står overfor store utfordringar med fleire og meir krevjande pasientar og færre ressursar. Digitalisering av manuelle oppgåver og rutinar er derfor heilt naudsynt, og har tatt litt av etter Covid-19 traff Noreg.

Ein “biverknad” av digitalisering er at det genererer masse data som kan blir brukt til å gje ny kunnskap om helse og sjukdom, betre pasientsikkerheita og moglegheit til å utvikle nye og betre helsetenester. Folk hevdar at norske helsedata er dei beste i verda, men, strenge krav til personvern gjer det vanskeleg å få tilgang og bruk dataene. Bør vi løyse opp på krava? Kva er sikkert nok?

Formålet med Tekprat 10. desember er å få betre innsikt i korleis vi kan realisere “gullet” som ligger i helsedataene og samstundes ta omsyn til personvern.
Klikk her for å gå til streamen
Programleiar, Synnøve Olset