Tekprat ser på innovasjon i krisetider

Innovasjon i krisetider har satt fart i digitaliseringa i helsesektoren og mange nye helsetenester som ser dagens lys i rekordfart. Få med deg Tekprat den 27. mai.

Frå idé til lansering og implementering. Kva har vore suksesskriteria og kva erfaringar vil vere nyttig også for tida etter korona?

Tekprat Bergen var opphavleg satt opp med 5G som tema den 27. mai, men vi tilpassar oss og vil nytte høvet til å setje opp eit regionalt, gratis webinar med Teknologi og Korona som tema. Vi er i gang med å invitere føredragshaldarar og programmet blir lagt ut i veke 20.

Spørsmål vi ønskjer å få svar på er:

  • Kva er helsearbeiderane sine erfaringar (så langt) med å ta i bruk ny teknologi i krisetider.
  • Korleis har krisa påverka vår kreativitet og evne til å utvikle, adoptere og ta i bruk ny teknologi?
  • Kva vil vere nyttig læring å ta med i tida etter korona?

Programmet er tilgjengeleg her.

Klikk her for å melde deg på webinaret.

Dersom påmeldte ikkje har fått ein mail frå oss er det fordi dei ikkje har registrert e-postadressa riktig.

Lenkjan til webinaret blir sendt ut til alle påmeldte ettermiddag 26. mai og ein time før oppstart. Dersom du ikkje får mail kan det vere fordi du har registrert feil e-postadresse og må da registrere deg på nytt for å få tilgang.

Ønskjer du meir informasjon om Tekprat? Følg oss gjerne på våre Facebook-sider, eller kontakt prosjektleiar, Synnøve Olset.

Tlf: 954 09 463
E-post: synnove.olset@helse-vest-ikt.no