Utviklar digital sjølvhjelp for folk med ADHD

Bruk av ny og velkjent teknologi opnar for behandling av pasientar med ADHD-diagnose via internett. Behandlinga legg vekt på sjølvhjelp og meistring i kvardagen og vil vere eit alternativ til behandling med medisin.

Foto: Colourbox
Det er forskarar i Helse Bergen og Helse Vest IKT som saman utviklar sjølvhjelpsbehandlinga på nett for innbyggjarar med ADHD. Arbeidet er del av eit stort og tverrfagleg forskings- og innovasjonsprosjekt (intromat; Introducing Mental health through Adaptive Technology) kor målet er å utvikle digitale løysingar for førebygging, behandling og oppfølging av mentale lidingar.

–  Vi sat med ei stor samfunnsutfordring, nemleg behandling av diagnosen ADHD, og såg at vi trengte nye og betre verktøy for dei med diagnosen. Dagens praksis innan behandling av ADHD legg mykje vekt på medisin, og mindre på tilpassing og innretting i livet, forklarer førsteamanuensis og psykologspesialist Tine Nordgreen, som er leiar for Intromat-prosjektet.

–  Pasientar med ADHD ønskjer eit alternativ til medisinar, og digital behandling kan supplere eller i nokre tilfelle erstatte behandling med medisin, fortel Astri J. Lundervold som er spesialist i klinisk nevropsykologi. Ho har lang erfaring med utgreiing og oppfølging av menneske som har ein ADHD-diagnose, og deltek i utarbeidinga av sjølvhjelpsprogrammet.


Skal meistre kvardagen gjennom sjølvhjelp

Ifølgje Lundervold har vaksne med ADHD mange ressursar, og dei er oftast meir energiske, kreative og spontane enn andre. Likevel strevar mange i kvardagen med utfordringar som stiller krav til kognitiv og emosjonell kontroll. Det kan vere å planleggje ein aktivitet, komme tidsnok til avtalar, vere merksame over tid eller stoppe opp når det er forventa.

– Målet vårt er å få på plass eit sjølvhjelpsprogram kor ein kan trene på desse funksjonane. Om dei kan lære å takle kvardagen betre gjennom meistringsstrategiar og bruk av hjelpemiddel, vil dei også ha betre nytte av sine positive eigenskapar, meiner Lundervold.
Astri J. Lundervold er spesialist i klinisk nevropsykologi og leiar ADHD-casen på Intromat-prosjektet. Hennar erfaring med ADHD-pasientar kjem godt med når dei no lager eit sjølvhjelpsprogram for dei som slit med å fungere i kvardagen. 

Digital behandling skal auke effekten av ordinær behandling

Ein viktig funksjon med sjølvhjelpsprogrammet er at spesialisthelsetenesta ikkje skal vere behandlar gjennom heile livet til desse innbyggjarane.

– ADHD er ein diagnose ein skal leve med. Det er ikkje ønskeleg at innbyggjarar med ADHD skal vere evige pasientar, men at dei skal ha færrast mogleg ringverknadar av diagnosen. Derfor er det viktig at dei får tilgang til verktøy for å meistre tilstanden sjølv, utan å måtte vere i spesialisthelsetenesta, seier Nordgreen.

Sjølvhjelpsprogrammet skal vere for vaksne som har gått til behandling i psykisk helsevern og som treng litt påfyll ved sida av eller i etterkant av behandlinga.

Den fyrste delen av sjølvhjelpsprogrammet er ei nettside som no er under arbeid. Denne består i hovudsak av videoar som gir kortfatta informasjon om korleis det er å leve med ADHD, og som gir råd for å meistre utfordringar i kvardagen.

– Her har tre ekspertar med diagnosen ADHD hjelpt oss med å finne dei riktige verktøya. For eksempel har dei overtydd oss om at korte videosnuttar er mykje nyttigare enn tunge tekstar, understrekar Lundervold.

App for ADHD pasientar

Parallelt med utviklinga av sjølvhjelpsprogrammet vert det laga ein app som hentar data frå eit armband som den med ADHD kan ha på seg, og som sender melding til brukaren når aktivitetsnivået vert for hektisk.

– Brukaren får då opp instruksjonar for tilpassa øvingar på mobilen, forklarer Yngvar Skar som er representant for Helse Vest IKT i Intromat-prosjektet.

Det er òg lansert ein såkalla «Grasp-teknologi» for pasientrapportering. Brukaren kan ha ein digial «stein» i lomma og klemme på denne viss han får problem. Då går det signal til mobiltelefonen. 

– Ein kan klemme hardt eller laust, lenge eller kort, alt etter kor intenst problemet er. Seinare kan han få opp klemmesekvensane i app-en og leggje inn forklaringar på klemminga. Denne informasjonen vil inngå i sjølvhjelpsprogrammet, fortel Skar.

Prosjektleiar Tine Nordgreen i Helse Bergen og leiar for Arbeidspakke Exploitation i Helse Vest IKT Yngvar Skar arbeider tett saman på Intromat i prosjektlokala deira på Barne- og ungdomssjukehus (BUS) i Bergen.

Kvalitetssikra hjelp til sjølvhjelp

Men finst det verkeleg ikkje noko digital behandling for menneske med ADHD i dag?

– Tvert imot, fortel Lundervold.

– Når ein googlar dette vil ein drukne i informasjon. Marknaden er full av hjelpemiddel og ting ein kan kjøpe, men det meste er ikkje evaluert og har ikkje validert effekt. Her er det vi kjem inn i biletet med å få på plass eit kvalitetssikra sjølvhjelpsprogram, seier Lundervold.