Alle Møter

Alle møter starta opp som eit program i 2013, og er eit av dei programma i Helse Vest som det blir satsa mest på dei siste åra.

Målet er at ventetida blir kortare, planlegginga betre og at fleire møter til timane sine. ​​

I 2012 var det 82.000 konsultasjonar i Helse Vest kor pasienten ikkje møtte til timen sin, og 127.000 pasientar tok kontakt for å endre på timeavtalane sine. Med dei nye løysningane som kjem vil vi gjere det enklare å halde ein god dialog mellom sjukehus og pasient. Du vil få oversikt over timar, og få endra avtalen om den ikkje skulle passe.

Vestlandspasienten er eit av Alle Møter-programmet. Det er eit tilbod til deg som er pasient i Helse Vest. Her får du oversikt over timeavtalane dine på sjukehuset, og det blir enklare for deg å få kontakt med sjukehuset.

Alle som er pasientar ved eitt av sjukehusa i Helse Vest kan no logge inn og sjå oversikt over timane sine. Du har også tilgang til ei rekkje andre funksjonar. Dette gjeld også pasientar ved dei private ideelle sjukehusa.