DIPS Arena er neste systemversjon, og er den største endringa i DIPS sidan 2000. DIPS Arena vil vere eit sentralt element i det nye systemlandskapet kor regionale system og standardiserte arbeidsprosessar skal mogleggjere betre og enklare samhandling innetter i helseføretaka, på tvers av desse og med andre sentrale tilbydarar av helsetenester.
Brukarane vil med DIPS Arena få eit moderne og optimalisert verktøy med ein intuitiv, rask og fleksibel løysing for journalføring og pasientadministrasjon. Med DIPS Arena kan Helse Vest innføre strukturert journal med klinisk prosess- og avgjerdsstøtte.
Innføringa av DIPS Arena i Helse Vest vil skje gradvis. Prosjektet vil i løpet av dei neste åra gjennomføre ei rekkje innføringsløp med pilotar i dei enkelte føretaka. Første pilot har oppstart november 2016.