Helse Vest IKT har saman med helseføretaka og fagmiljøa gjennomgått ei prosjektperiode for val av leverandør for eit Digitalt mediearkiv (DMA) som kjem til å samle desse mediene tilgjengeleg frå pasientjournalen.
Systemet skal sikre bruk og lagring av bilete og video i samband med diagnostikk og pasientbehandling i tråd med gjeldande lovar og reglar.
Leverandør er vald, og det vidare arbeidet med å etablere eit digitalt mediearkiv er allereie i gang. Dei første avdelingane starta opp hausten 2014.