Prosjektet har høgt fokus på brukarane av løysinga, fastlegane. Brukarvenlegheita er viktig ettersom ein er i eit marknad med konkurranse frå private aktørar med tilsvarande løysingar. Første fase av prosjektet har fokus på laboratorierekvirering. Alle helseføretak er oppe med løysing. Legekontora rekvirerer elektronisk laboratoriefagsystema i sine helseføretak, i tillegg til å sende prøver til Helse Bergen.
Kliniske tilvisingsråd for elektronisk pasientjournal (EPJ) Plenario blir i 2015 spreidd til legekontor sin har IHR-løysinga i Helse Bergen og Haraldsplass sitt område først.
Bildediagnostiske tilvisingar med regionale sjekklister og etter kvart regionale bildediagnostiske tilvisingsråd piloterast og spreiast i 2016.
Nytteeffektar: Gje legar i primærhelsetenesta eit betre verktøy ved rekvirering og tilvising til Helse Vest.
- Raskare og sikrare informasjonsflyt mellom primærhelstenesta og helseføretaka.
- Færre unødvendige undersøkingar.
- Betre kvalitet i behandlingsgangen.
- Auka kvalitet på forenkling av arbeidsprosessar i laboratoriet ved mottak av prøver.
- Sikre effektiv bruk av Helse Vest sine ressursar innan ulike fagområde (eksempelvis laboratorie- og bildediagnostikk).