Libra

LIBRA står for lager, innkjøp, budsjett, rekneskap og anskaffing. Programmet skal bidra til effektive støtteprosessar .

LIBRA er Helse Vest sitt program for å optimalisere støttetenesta innanfor fagområda budsjett, anskaffingar og kontrakt, innkjøp og logistikk, rekneskap og styringsinformasjon/felles registre. ​

Programdirektivet for LIBRA blei godkjent i Programstyret i april 2014 med visjon å fremme helse og livskvalitet gjennom effektive støtteprosessar. LIBRA har fokus på at gode tenester gjer stor verdi for brukarane, samtidig som effektive prosessar hindrar sløsing. Ressursar skal frigjerast til pasientbehandling.

Programmets målsetjingar er å:

  • Hente nytte og fjerne risiko.
  • Utforme og innføre felles arbeidsprosessar basert på beste praksis. 
  • Innføre felles systemstøtte.
  • Foreslå optimal organisering.
  • Betre, effektivisere og auke kvaliteten i ikkje-medisinske tenester.
  • Frigjere tid til nytte for pasient, behandlings- og pleiepersonell og leiar.