Sharecare VR

Sharecare VR er ein simulator som viser deg menneskekroppen. Du kan fritt navigere og utforske anatomisk korrekte 3D-modellar av menneskekroppen og dens organ og korleis dei verkar.

Foto: Sharecare / Steam

Gjennom Sharecare VR kan du visualisere korleis kroppen verkar, utforske organ og system i eit fullt 360 graders 3D-miljø. Endre på fysiologi og simuler sjukdomar.  

Personaliser menneskekroppen til å representere deg sjølv. Sharecare lar seg tilpasse kroppen og sjå korleis menneskekroppen reagerer på sjukdom i ulike fasar av livet. Ved å leggje til behandling kan du visualisere og forstå dei medisinske alternativa.  

Sharecare VR veks fort og det blir stadig lagt inn nytt innhald som gjer det mogleg å utforske meir av menneskekroppen og lære meir om korleis den fungerer.  

Klikk her for å lese meir om Sharecare VR. 
Simulatoren er gratis og kan lastast ned på Steam.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.