
Velkommen til første TekPrat Førde!
Tema: Maskinlæring og kunstig intelligens
Hovudinnleiar: Athar Ali Tajik
Målgruppe: Teknologiinteresserte på tvers av fag og bransjer
Arrangementet er gratis, men krev førehandspåmelding. Trykk på "billett" her i facebookarrangementet så kjem du til påmeldingslenka.
Litt om TekPRAT som konsept:
Helse Vest IKT har vore initiativtakar og primus motor for TekPrat i Bergen, og har i lag med HVL, Alrek Helseklynge, Helse Bergen, VIS og Bergen Næringsråd arrangert slike kunnskapsbaserte møteplassar i nokre år. Arrangementa har samla folk frå næringsliv, akademia og helsesektoren, og skapt ein fin arena for gode diskusjonar og nettverksbygging.
Etter inspirasjon frå Bergen inviterar Helse Vest IKT, Helse Førde, HVL og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane til jamnlege TekPRAT'ar i Sogn og Fjordane. SPREAD THE WORD til alle du trur kan ha glede av å delta! Og tips oss gjerne om kva teknologisk tema du ønskjer vi skal ha på programmet til våren.
PROGRAM
09:00-09-30
Enkel frokost og mingling
09:30-09:40
Velkommen - kva er TekPRAT?
Synnøve Olset og Gro Rukan, ansvarleg for TekPRAT, Helse Vest IKT/ Helse Førde
09:40-10:15
Korleis kan kunstig intelligens nyttast til å betre norsk pasienttryggleik? Athar Ali Tajik, medisinsk fagdirektør,
Ukom (Statens Undersøkelseskommisjon for helsetjenestene)
10:15-10:35
God modellering som grunnlag for gode resultat
Tarja Kvalheim, forskar ved Helse Førde og førsteamanuensis ved UiB
10:35-10:55
Småmat og mingling
10:55-11:15
MMIV @ HUS: Kunstig intelligens ved radiologisk avdeling
Sathiesh Kaliyugarasan, Forskar ved Mohn Visualiseringssenter (MMIV)
11:15-11:35
Maskinlæring som verktøy for betre diagnostisering
(Døme frå eigne forskingsprosjekt)
Pawel Franciszek Mielnik, seksjonsoverlege, revmatologisk seksjon Helse Førde og Marcin Fojcik, førstelektor ved institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag
11:35-11:55
Maskinlæring for fysiske systemer
Daniel Schäle, Gizem Ates, Johannes Møgster
Stipendiatar i Teknoløft-prosjektet som jobbar på HVL Robotics Lab, Førde
11:55-12:00
Oppsummering og avrunding
Arrangementet er del av:
Forskingsdagane i Førde - www.hvl.no/forskingsdagane-forde
InnovasjonsvekaOPP: www.innovasjonsukenopp.no