Kundesenter

Kundesenteret tek imot henvendelser via telefon, e-post eller kundeweb.
Vi gir brukarstøtte og løyser programvarefeil via telefon og fjernstyring, i tillegg til å handtere brukarkontoar og rekvirentregister.

Når Kundesenteret får inn ei sak, prioriterer og fordeler dei spørsmåla og feilmeldingane som kjem inn fortløpande.

Alle nye problem vert retta til Kundesenteret, uavhengig av kven som kjem til å handsame problemstillinga. 

Problem som ikkje kan løysast av Kundesenteret vert kategorisert og sendt vidare til dei andre avdelingane i Helse Vest IKT.

Kontakt