Kliniske system

Seksjonen Kliniske System har ansvar for forvalting av  kliniske system og tenester , innanfor dei store områda laboratorie og radiologi. I tillegg forvaltar seksjonen diverse system som vert brukt ved høresentralar, portørsentralar, sterilsentralar, intensivavdelingar, blodbankar samt kirurgiske avdelingar.
 
Systema er i større og mindre grad kritiske for pasienthandsaminga, men for dei fleste gjeld svært høge krav til oppetid. Seksjonen Kliniske System har tilsette med både helsefagleg og IT-teknisk bakgrunn. Mange av systema som er forvalta i seksjonen, er kopla til medisinsk teknisk utstyr, noko som krev eit godt samarbeid mellom systemforvaltar, brukarar i helseføretaka og medisinsk tekniske avdelingar.
Fann du det du leita etter?