Bli betre kjent med Pål Gaute

Pål Gaute har vore tilsett i Helse Vest IKT sidan 2007, omtrent på same tid som Brann sist vann serien (Obs! Han er Viking-supporter sjølv). Bli betre kjent med seksjonsleiaren for Teknisk prosjektleiing.

Pål Gaute Sætre på Formel 1 løp Monza.

Pål Gaute Sætre på Formel 1 løp Monza.

Namn: Pål Gaute Sætre 
Alder: 46 år 
Stillingstittel: Seksjonsleder ​

Bakgrunn:

Eg har ein master i informasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen, pluss ein dæsj med media, historie, og nokon leiingsfag frå BI. Den første rolla mi i Helse Vest IKT var som systemforvaltar for Agresso.

I løpet av 15 år i organisasjonen har eg jobba med kjekke folk og spanande fagfelt, som test, prosjektleiing og produksjonssetjing. Eg har vore innom mykje ulikt, men det har alltid handla om prosjektarbeid, anten som deltakar, leiar eller tilretteleggjar. Eg har jobba mykje med prosjektgjennomføring og grensesnittet mot linja i Helse vest IKT. Det er liksom «greia mi».    

Kva jobbar du med no:

Eg leier teknisk prosjektleiing. Det er ein herleg gjeng med motiverte og teknisk interesserte prosjektleiarar.  Det er eit spanande område – og eg har ivra på for å få det definert som ein eigen disiplin gjennom mange år. No er seksjonen snart tre år – og me har gjort det veldig bra. Eg liker å seia at me er spydspissen for tekniske IKT-endringar i Helse vest. 

Når dei tekniske endringane blir store og komplekse –  ta kontakt med Teknisk prosjektleiing. Eg liker å tenke at det er litt «special forces / Ghostbusters» over oss.

Ein viktig del i rolla som seksjonsleiar er å balansera ulike «frontar». Ein må ta vare på dei som er med i seksjonen og leggje til rette for at dei kan utvikla seg – samstundes som du speler avdelingsleiaren god i rolla si. Du må òg utvikla samarbeidet med andre seksjonar, prosjekt, føretak og einingar – som har ein relevans for seksjonen. På ei måte driv ein med «utvikling» av relasjonar, fag, konsept og folk. Samstundes må ein ikkje gløyme kart og terreng –i kvar medarbeidarsamtale minner eg om at kvar dag me går på jobb – så er det for føretaka. Helse vest IKT ville ikkje hatt eksistensgrunnlag utan dei – og det er kjernen i alt me driv med. Det er viktig.  

Kva er det beste med jobben din: 

Det beste med jobben min er at eg stadig får moglegheiter til å utvikle meg innan ulike områder. Eg er med på digitaliseringa av noko som betyr mykje for mange. Eg liker fleksibiliteten som er i prosjekt. 

Eg har òg hatt ein leiar – Gjertrud – gjennom 14 år som har trudd på meg og gitt meg moglegheita til å vere meg sjølv og stole på eigne vurderingar. Det betyr mykje. Eg ville aldri vore der eg er i dag utan Gjertrud eller Helse vest IKT.

Kva betyr det for deg å jobbe i Helse Vest IKT: 

Eg har ein medfødd hjartefeil, og har hatt open hjarteoperasjon to gonger – sist i 2015. Det var spesielt å høyra frå kardiolog at det var først på 1970-1980 talet at ein kunne behandle slike feil i hjartet. Utan desse operasjonane ville levetida vore avgrensa. Slik sett er det motiverande å jobba i eit «vesen» som har gitt meg mykje.​