Bli betre kjent med Marita

Marita har jobba som radiograf i 10 år. No har ho permisjon frå fast stilling for å prøve seg i eit års vikariat i Helse Vest IKT.

Marita Bondhus

Namn: Marita Bondhus
Alder: 31 år
Stillingstittel: Spesialkonsulent IKT – applikasjonsforvaltar

Kvifor Helse Vest IKT: 

Eg forstod tidleg at Helse Vest IKT er ei bedrift som set pris på sine tilsette og som tek imot engasjement og initiativ med opne armar. Det vert lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø og det er eit varierande miljø sett saman av folk med ulik bakgrunn og ulik kompetanse. Ein lærer mykje av å jobbe saman med andre som har kompetanse utanfor din eigen. Eg får utvikle meg, og det set eg stor pris på!​

Kva jobbar du med:  

I Helse Vest IKT jobbar eg i seksjon for kliniske system, team digital media. Eg jobbar i hovudsak med forvaltning av Sectra (radiologi, DMA og patologi) og har så smått starta med eit anna program kalla Cytomine som er brukt innan fagfeltet patologi.​​

Kva kontor høyrer du til:

Helse Vest har jo fleire kontor; både i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Eg bur på Stord og har nokre kilometer å pendle for å kome til og frå kontoret i Haugesund. Eg jobbar difor anten på kontoret i Haugesund, heimekontor eller på eit kontor i K-blokka på Stord sjukehus. Det er fantastisk kjekt å kunne ha ein jobb som er så fleksibel! Så lenge ein har PC-en med seg, så kan ein jo jobbe. 

Kva er det beste med jobben din: 

Eg har god erfaring med å jobbe i Sectra som radiograf. Det er difor veldig kjekt å jobbe med forvaltning av programmet og sjå kva som ligg bak det ein driv med i sjukehusa dagleg. Eg er av natur nysgjerrig og ynskjer å forstå kvifor ting er som dei er. Det får eg gjort mykje av i Helse Vest IKT. Og ikkje minst så har eg utruleg kjekke kollegar som gir arbeidskvardagen høg trivselsfaktor!