Sharepoint

Per no er det tre Sharepoint-område som er tilgjengeleg for bruk eksternt. For å bruke disse områda heimanfrå eller på ein IP-adresse utanfor Helse Vest er ein nøydd til å logge på med Helse Vest si 2-faktor-løysing. 

SharePoint-områda som er tilgjengeleg eksternt er:

Samhandling.helse-vest.no

Styringsportalen.helse-vest.no

Prosjekt.helse-vest.no

Korleis logge på Sharepoint via 2-faktor?

  1. Skriv inn riktig URL-adresse som er blitt tildelt av prosjektleiar eller intern kontaktperson. 
    Til dømes: Samhandling.helse-vest.no/eitelleranna
  2. Logg inn med 2-faktor-token som beskrive på sida om 2-faktor-pålogging.

  3. I neste påloggingsbilete (sjå under) legg du inn passordet som er knytta til brukernamnet ditt (AD-konto).

Klikk her for å lese meir om Helse Vest si 2-faktor-løysing, som også kan brukast til å få tilgang til andre av Helse Vest sine system utanfor Helse Vest sitt område.