Jobb og karriere

Har du lyst å vere med å forme morgondagen sine IKT-løysingar? Vi er ein del av ei banebrytande bransje som går ei spanande tid i møte.

For at helsepersonellet i Helse Vest skal kunne gjere jobben sin, er dei avhengige av at systema dei nyttar er funksjonelle og effektive til ei kvar tid.

Målet vårt er å levere gode tenester til kundane våre. Helse Vest IKT er derfor heilt avhengig av å ha eit fagmiljø med variert erfaring og kompetanse.

Selskapet representerer eit breitt spekter av yrkesgrupper. Her er det kompetente konsulentar med variert bakgrunn frå informatikk, til prosjektleiing til helsefagleg kompetanse.

Helse Vest IKT har medarbeidarar som er nyutdanna og kjem frå høgskule eller universitet, men ein stor del av dei tilsette er erfarne rådgjevarar innan IKT eller helse. Mange kjem frå helsesektoren med ønskje om å forbetre pasientbehandling gjennom nye IKT-løysingar.

 

Les meir om Helse Vest IKT som arbeidsplass

Helse Vest IKT er ein attraktiv arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for medarbeidarane våre.

Vi er opptekne av fagleg utvikling for enkeltpersonar og selskapet, ikkje minst samarbeid, trivsel og samhald.
For Helse Vest IKT AS er det viktig at alle medarbeidarar er engasjerte og pålitelege i arbeidet sitt.  Det er derfor gode mogelegheiter for å søke interne stillingar innanfor andre fagområde enn du no er tilsett i.

Vi har jobbmoglegheiter over heile Vestlandet. Medarbeidarane våre er nemleg spreidd frå Førde til Bergen, til Haugesund og Stavanger. Vi har òg mindre avdelingskontor på Voss, Odda, og Stord.

Her kan du møte nokre av våre tilsette

Møt tilsette i Helse Vest IKT