Lene Merete elskar å hjelpe brukarar i nød

Lene Merete jobbar i seksjon for Applikasjonsstøtte og er ein ekspert på journalsystemet, DIPS. Kvar dag hjelper ho brukarar som har vanskelege sakar i DIPS som kundesenteret ikkje klarar å løyse sjølv.
 

​Lene vaks opp med ein far som var opptatt av IT, og fekk tidleg ein interesse for data og teknologi.

- Eg er flink med logikk og forstå korleis ting heng saman. Eg fekk min første PC då eg var seks år. Pappa var veldig opptatt av teknologi, så eg har nok vakse opp med teknologi på ein litt annan måte enn folk flest.

- Meg systera mi spelte spel for å lære oss touch-metoden. Så vi kunne faktisk skrive på tastatur før vi kunne skrive for hand, flirar Lene.

Då ho skulle velje studieretning blei ho anbefalt av faren å studere økonomi. Men det var aldri noko tema for Lene.

- Han meinte det var betre utsiktar for jobb innanfor økonomi, men eg ville jobbe med noko som eg kunne treivst med. IT har jo blitt kjempestort likevel, så det var ikkje eit dumt val, seier ho med eit glimt i auget.

Etter å ha fullført utdanninga innan informasjonsteknologi med spesialisering innanfor drift og datasystem i 2012 fekk Lene jobb på Kundesenteret i Helse Vest IKT.

- Eg treivst veldig godt på Kundesenteret. Det var så mykje forskjelleg. Ein kunne aldri vite kva neste innringar ville spørje om. Så då gjaldt det å ha brei kunnskap, slik at ein kunne løyse så mange sakar som mogleg på første kontakt.

Saka held fram under biletet

DIPS-eksperten

På kundesenteret blei Lene etter kvart ein ekspert på journalsystemet, DIPS og etter nærmare fem år på Kundesenteret gjekk vegen naturleg vidare til andre linje og Applikasjonsstøtte, kor ho fekk jobbe med meir kompliserte DIPS-sakar.

- Eg trudde eg kunne mykje om DIPS då eg jobba i Kundesenteret, men då eg begynte i Applikasjonsstøtte innsåg eg kor lite eg eigentleg kunne, mimra ho.

Lene forklarar at ein vanleg dag begynner med at ho ser gjennom sakar som har blitt meldt inn og fordeler dei sakene som må vidare til forvaltarar eller andre seksjonar. 

- Etter å ha fått oversikt over kva sakar vi har fått inn kan vi ringje rundt og prata med brukarane. Det er ikkje alltid like lett å finne ein tid som passar for klinikarane, men då får dei gjerne nummeret vårt, slik at dei sjølv kan ringje opp igjen når det passer. Det finst sjølvsagt dei brukarane som er irritert over feil dei opplever, men det prøver vi å vise forståing for, seier Lene.

Sidan journalsystemet er under kontinuerleg utvikling og forbetring, er det stadig noko nytt ho må lære seg.

- Neste versjon av DIPS, DIPS Arena er under utrulling, så det kjem ofte noko nytt som vi må lære oss. Arbeidsoppgåvene våre i seksjonen har blitt meir tekniske etter kvart, så vi har begynt å tilsette fleire med teknisk bakgrunn, som ofte får sitt første møte med den kliniske verda.

Variert, hyggeleg og gjevande

Lene er lidenskapeleg opptatt av å hjelpe brukarane ute i sjukehusa. Ho seier det er noko av det kjekkaste med jobben.

- Eg tykkjer det er viktig å ha kontakt med brukarane. Det er nok berre slik er som person. Eg likar å hjelpe folk. Dei blir så glad når vi løyser problema deira. Vi kan lære dei noko nytt og vise dei tips og triks som gjer kvardagen enklare. Særleg no i DIPS Arena ser vi dette, seier Lene.

- Ein har det alltid i bakhovudet at det er ein pasient i andre enden. Det kan til dømes vere eit problem i DIPS, der det er snakk om ein pasient som er livstruande skadd. Då er det litt skummelt å jobbe med. Samstundes er det viktig å ha med seg heile tida.

Ho trivst godt i Helse Vest IKT og trur trivselen kan forklarast med spennande arbeidsoppgåver og hyggeleg kollegaer.

- Eg får ein god blanding, der eg jobbar i team med alle forvaltarane for labsystema, samstundes er eg nær brukarane gjennom daglege kontakt. Det er mange hyggelege folk her som er lette å snakke med. Det er veldig kjekt å jobbe ein plass kor folk er så flinke til å dele kunnskap. Eg føler eg lærer noko nytt nesten kvar veke.

Ho er klar på kvifor folk burde søkje seg til Helse Vest IKT.

- Ein har moglegheita til å vere med å påverke helsevesenet i positiv retning. Vi held på med mange spennande prosjekt, både regionalt og nasjonalt. Eg tykkjer det er veldig spennande å få vere med og følgje denne utviklinga.